Kort fortalt

Kraftbransjen åtvarar regjeringa

Vil ikkje ha inngripen.

27.01.2023

(NPK-NTB): Kraftbransjen meiner dei veit best sjølv korleis vassmagasina skal disponerast og åtvarar styresmaktene mot å ty til inngrep i marknaden for fort.

Leiar Åslaug Haga i Fornybar Norge seier dei vil sjå nærare på regjeringsforslaget som skal gi betre styring med vasskraftproduksjonen, før dei konkluderer. Organisasjonen representerer selskap som produserer vass- og vindkraft.

– Det er produsentane sjølv som har kompetansen til og veit best korleis magasina skal disponerast, det opplever vi også er spegla i regjeringsforslaget til styringsmekanisme. Vi er opptekne av at det er produsentane som skal ha dette ansvaret, og at innblanding i marknaden bør avgrensast til situasjonar der forsyningstryggleiken er i kritisk fase, seier ho i ei pressemelding.

Men Haga synest samtidig det er naturleg at regjeringa har behov for å setje inn tiltak og seier næringa er klar til å møte nye krav.

Haga meiner at det viktigaste tiltaket for å sikre nok kraft i framtida er å trappe opp utbygginga av fornybar energi. Ho meiner regjeringa må komme på banen med å sikre rammevilkår for å få til den utbygginga.

(©NPK)

Publisert: 27.01.2023 14:32

Sist oppdatert: 27.01.2023 16:05

Mer om