Kort fortalt

Åtvarar om auke i svindelmetode

11.07.2023

(NPK-NTB): Telia har sett ein kraftig auke av såkalla wangiri-svindel, altså at offeret blir lurt til å ringje tilbake til eit dyrt betalingsnummer.

I andre kvartal stoppa Telia over 12 millionar svindelforsøk totalt, og 9,2 millionar var wangiri-svindel.

– Vi ser nesten ei dobling i talet på wangiri-oppringingar denne perioden, seier svindelkontrollør Øivind Kristiansen i Telia Norge.

Samtalane som bidreg til denne doblinga, kjem for det meste frå Sri Lanka, forklarer Kristiansen.

– Det kan vere lett å senke guarden når ein er på ferie og slappar av, men av erfaring er det veldig mange svindelforsøk i sommarmånadene òg. Svindlarane tek ikkje ferie, seier han.

(©NPK)

Publisert: 11.07.2023 10:44

Sist oppdatert: 11.07.2023 10:45

Mer om