Kort fortalt

Åtvarar straumselskap mot bonusar

Sp-topp meiner det vil vere «meget upassende».

03.01.2022
(NPK-NTB): – Sjefane i kraftselskapa bør definitivt ikkje ta ut bonusar for 2021, seier Geir Pollestad, som er parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet.


Han meiner det i dagens situasjon vil vere «meget upassende» med bonusar til leiinga i kraftselskapa.

– Det er ein alvorleg situasjon for folk og næringsliv, med høge straumprisar. Då vil det vere svært upassande med bonusfest i kraftselskapa, seier han til NRK.

Pollestad meiner det slett ikkje er fortenesta til leiinga at kraftselskapa har svært gode dagar sidan det er lett å få overskot når prisane er så høge som dei er no.

Han innrømmer at verken regjeringa eller Stortinget kan instruere selskapa til å endre inngåtte bonusavtalar.

– No gir vi eit tydeleg signal og ein formanande peikefinger. Kraftselskapa er jo i stor grad eigd av fylkeskommunar og kommunar, så oppmodinga går jo òg til eigarane om å ta tak i dette, seier Pollestad.

(©NPK)

Publisert: 03.01.2022 09:53

Sist oppdatert: 03.01.2022 09:54

Mer om