(NPK-NTB): Éin av fem bønder meiner pelsdyroppdrett bør bli forbode, viser ei ny undersøking. Norges pelsdyralslag er nøgde med resultatet.
Undersøkinga, som er utført av Sentio for , viser at 19 prosent av norske bønder vil forby pelsdyroppdrett. 71 prosent vil ikkje ha noko forbod, mens 10 prosent svarar «veit ikkje» på spørsmålet om forbod.
Norges Pelsdyralslag meiner resultatet av undersøkinga er positivt.
– At 71 prosent meiner at pelsdyroppdrett ikkje bør bli forbode, betyr at vi har nådd fram med mykje kunnskap til profesjonelle dyrehaldarar, seier informasjonssjef Guri Wormdahl.
Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) har varsla at ei stortingsmelding om framtida til pelsdyrnæringa vil komme i haust, men Dyrevernalliansen fryktar at politikarane ikkje vil tore å forby næringa.
– Det einaste fornuftige er å avvikle norsk pelsdyroppdrett. Det har likevel aldri blitt avvikla nokon husdyrproduksjon av etiske omsyn i Noreg, så terskelen er høg for å gjere det, seier fagleiar Marianne Kulø.
Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag håpar at regjeringa vil legge til rette for at pelsdyrnæringa framleis skal vere ein del av landbruket.
– Eg forventar at regjeringa gir ei klar retning for pelsdyrnæringa og sørgjer for at næringa får vere med framover, seier han. (©NPK)

Publisert: 25.08.2016 11:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44