(NPK-NTB): Låg oljepris, lågare vekst og auka arbeidsløyse gjer at 2017 ligg an til å bli utfordrande, trur fleire økonomar.
Mens regjeringa og støttepartia diskuterer neste års statsbudsjett, har Dagbladet bedt tre leiande økonomar – Elisabeth Holvik i Sparebank 1, Øystein Dørum i DNB og Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken – seie noko om kva utfordringar som ventar for norsk økonomi i 2017. Dei er alle einige om at arbeidsløysa kjem til å auke og etter kvart nå ein topp på 5 prosent eller noko høgare.
– Når skatteinntektene fell, vil det bli mindre rom for å auke talet på tilsette i offentleg sektor. Samtidig kjem stadig nye kull inn i arbeidsmarknaden. Mange vel å ta ekstra utdanning no, men dei kjem etter kvart ut i arbeidsmarknaden dei også, seier Holvik.
Mens Dørum trur oljeprisen vil stige til rundt 70 dollar fatet, trur Holvik den vil stabilisere seg rundt 50, mens Hov trur den kan gå opp til 54 dollar.
– Med låg oljepris vil aktivitet knytt til oljesektoren bli mykje lågare enn vi er vane til, og skatteinntekter og sysselsetting vil bli lågare, seier Holvik.
Dei tre er ikkje heilt einige om kor mykje oljepengar vi kan bruke. Mens det er ein del handlingsrom på kort sikt, er høg oljepengebruk ikkje berekraftig på lang sikt, påpeiker Dørum. (©NPK)

Publisert: 31.08.2016 08:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44