Ny jobb

Anna Klara Måseide

Ny prosjektleiar i Ulstein Næringsforum

Administrator
11.02.2021
Anna Klara Maaseide
Anna Klara Måseide er tilsett som prosjektleiar i Ulstein Næringsforum for å leie eit prosjekt knytta til turisme og arrangement. Ho kjem frå stillinga som prosjektleiar hos Samvalgssenteret ved Universitetssykehuset Nord-Norge. Måseide er lektor og samfunnsvitar, har ein master i tysk litteratur og ein bachelor i media og kommunikasjon og europeiske studier. Ho har tidlegare arbeidd i Køln med produksjon av helseinformasjon, vore marknadssjef ved Filmfestivalen i Tromsø (TIFF) og trainee ved det Nord-Norske EU-kontoret i Brussel. Anna Klara er opphaveleg frå Tromsø, men har familie og anar på Sunnmøre. Ho starta i stillinga 9. mars.

Publisert: 11.02.2021 09:03

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03