Ny jobb
Finn Lervik
Går frå Øverbø Gjørtz til fylkeskommunen.
05.10.2023
Finn Lervik (56) er tilsett som juridisk sjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, ifølgje ei melding frå fylkeskommunen.
Lervik, som bur i Molde, er i dag advokat, partnar og dagleg leiar av Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz. Han har vore tilsett i selskapet sidan januar 2006. Lervik startar i sin nye jobb på nyåret og vil halde fram i advokatfirmaet til då.
Publisert: 05.10.2023 13:59
Sist oppdatert: 05.10.2023 13:59