Ny jobb

Fredrik Giil

Blir hamnesjef i Giske.

26.02.2026
Fredrik Giil portrett hamnesjef

Fredrik Giil er tilsett som hamnesjef i Giske hamnevesen og startar i stillinga seinast 1. juni. 

43-åringen frå Valderøya kjem frå stillinga som operation & safety manager i Hurtigruten, og har brei erfaring frå maritim operativ drift både som seglande offiser og i leiande stillingar i reiarorganisasjonen på land, opplyser kommunen i ei pressemelding. 

Hamnevesenet blei etablert i fjor som eit kommunalt føretak for å forvalte hamneinfrastrukturen i Giske. 

– Eg er godt tilfreds med at vi no får Fredrik med på laget, når nye Giske hamnevesen skal overta forvaltningsansvaret og operativ drift av hamnene i fiskerikommunen Giske. Hamnesjefen får ei nøkkelrolle i å betene brukarane sine behov både på Gjøsund og dei andre offentlege hamnene. Med Fredrik sin bakgrunn og solide kompetanse er eg godt nøgd med at nettopp han inntar denne rolla, uttaler styreleiar og ordførar Kenneth Langvatn i meldinga. 

Publisert: 26.02.2026 11:15

Sist oppdatert: 26.02.2026 11:15

Mer om