Fredrik Mordal Hessen
Går frå Vard til leiarstilling i Anda-Olsen.
Fredrik Mordal Hessen har skifta jobb og blitt «head of sales and business development» i Anda-Olsen.
Ålesund-selskapet lagar anlegg som sikrar at straumtilførselen blir oppretthalden utan opphald også ved brot i straumnettet.
Selskapet har hatt ein nesten samanhengande vekst i 25 år. I fjor passerte dei 105 millionar kroner i driftsinntekter.
«Det har vært inspirerende å følge selskapet og se hvordan det har tatt steget fra agenturvirksomhet til å utvikle egen teknologi og produkter», uttalar Hessen om jobbskiftet i meldinga.
Han har tidlegare leia forretningsområdet for offshore og spesialskip i Vard, og var einaste frå Nordvestlandet i leiartrioen i Vard.
Les også
Publisert: 08.12.2023 09:52
Sist oppdatert: 08.12.2023 09:59