Ny jobb

Hallstein Saunes

Ny leiar av arbeids- og inkluderingsverksemda Furene.

02.06.2021
Hallstein Saunes portrett

Hallstein Saunes er tilsett som ny administrerande direktør i Furene, etter Eldor Skeide som av helsemessige årsaker har valgt å gå av.

– Vi takkar Eldor for den solide innsatsen han har lagt ned for selskapet og ser fram til å halde fram den positive utviklinga med Hallstein Saunes ved roret, seier styreleiar Inge-Jonny Hide i ei uttale.

Hallstein Saunes kjem frå stillinga som dagleg leiar i Link AS, som driftar statlege flyktningmottak. Han er òg leiar for Link sitt eigedomsselskap.

Økonomileiar Olav Elias Torset i Furene er konstituert i stillinga fram til Halstein tek over i september.

Publisert: 02.06.2021 15:02

Sist oppdatert: 25.06.2021 12:17

Mer om