Mindre inntekter fraa NAV meir fraa vareproduksjon
NYTT BYGG: Furene har hovudkontor på Furene i Volda og avdelingar på Dragsund i Herøy, Vanylven og Ulstein. Børge Sætre leiar avdelinga i Dragsund der dei tok over det tidlegare Hydrakraft-bygget i fjor. I løpet av fjoråret kom 193 personar anten i arbeid eller utdanning etter tiltak i Furene.
Nytt

Mindre inntekter frå NAV - meir frå vareproduksjon

Ombygging og flytting er nokre av årsakene til det første underskottet på mange år for Furene. Men dei veks framleis – og fekk nyleg pris som beste bedrift i bransjen.

Marius Rosbach
17.06.2019

Furene as leverte for første gong på ei årrekke negative tal på botnlinja i 2018-rekneskapen. Underskottet er ikkje stort (sjå tabell, journ. anm.) og kjem som eit resultat av omstilling og mindre oppdrag frå NAV.

– Ein får gjerne litt anna fokus når ein driv med omstilling. I fjor vart det både ombygging i Furene og flytting frå Leikong til Dragsund, fortel dagleg leiar Eldor Skeide til NETT NO.

Toppresultat i bransjen
Norges handikappforbund er største eigar i Furene, som leverer tenester til NAV og ulike produkt til næringslivet. Hovudmålet for bedrifta er ikkje dei største overskotta – men å legge til rette for at personar kjem i arbeid og utviklar seg.

Difor er Eldor Skeide naturleg nok nøgd med at Furene gjorde det best av alle arbeids- og inkluderingsbedriftene i landet i første kvartal i år. I løpet av fjoråret flytta dei mellom anna avdelinga på ytre, frå Leikong til Dragsund og renoverte produksjonslokale på i Furene.

Mindre oppdrag frå NAV
Furene leverer Arbeidsførebuande trening (AFT) og Varig tilrettelagt arbeid (VTA) på faste oppdrag til NAV. I tillegg leverer dei tenester på anbod med Oppfølging- og Avklaring som dei viktigaste, og desse tenestene har det vorte mindre av siste året.

Skeide seier at dei i desse dagar ventar spent på avgjerda om kven som skal få levere tenestene dei neste 4 åra.

– Det har vorte mindre volum og kjøp av tenester frå NAV. Dei har skalert ned på det, og satsar på å gjere meir i eige regi, fortel Skeide.

Ifølgje årsberetninga som nyleg vart gjort offentleg via Brønnøysundregistera, utgjorde slike tenester kring 60 prosent av inntektene for Furene i 2016 og 2017. I fjor gjekk dette segmentet ned.

Aukar på vareproduksjon
Furene driv etter kvart mange typar produksjonsverksemd, i tillegg til at dei gjer alt frå pakking til vaktmeisterarbeid. Denne delen av verksemda veks i fjor og utgjorde halvparten av inntektene.

nettnohalf

I løpet av fjoråret flytta Furene-avdelinga frå Leikong til Dragsund og inn i det tidlegare Hydrakraft-bygget.

Her har Furene ei stor avdeling som driv med reklameskilt, bilfoliering, trykksaker, profilering og gravering. I tillegg driv dei med bygging av pallar, spesialkasser og mekanisk arbeid.

– Her graverer vi skilt i messing, plast og stål. Vi lagar skilt til alt frå maskinrom, dører, pumper og rør. På kvart skip er det fleire tusen skilt, fortel Sindre Hovdhaugen.
Han leiar graveringsavdelinga på Dragsund der det til vanleg er fire-fem personar på varig tilrettelagt arbeid.

Høghall og resirkulering
Bygget inneheld også ein høghall med to større kranar i taket. Avdelingsleiar Børge Sætre på Dragsund fortel at dei er på jakt etter leigetakarar til denne delen.

Bak bygget står sekkevis med garn og tauverk som skal sorterast og resirkulerast.

– Tauet vert nytta om att og plastmaterialet vert sendt til resirkulering. Vi er ein mangslungen verksemd, fortel Sætre.


 Vi lagar skilt til alt frå maskinrom, dører, pumper og rør. På kvart skip er det fleire tusen skilt

Publisert: 17.06.2019 05:56

Sist oppdatert: 02.06.2021 15:06