Knut Arild Flatjord
Er ny konserndirektør for kraftproduksjon i SFE.
42-åringen gler seg til å ta fatt på eit nytt kapittel i ein framtidsretta bransje.
- Eg ser på det som eit privilegium å få jobbe med noko så viktig som fornybar energi – sjølve berebjelken i eit berekraftig samfunn, seier han, i ei pressemelding.
Flatjord er i dag regionsdirektør for GK på Vestlandet og bur i Førde. Før sine 11 år i GK var han avdelingsleiar for Tess i Sunnfjord, og han har og hatt sentrale verv i NHO Vestlandet. Han er utdanna automasjonsingeniør og har mastergrad innan økonomi og leiing (MBA).
I SFE skal han ta over etter noverande konserndirektør for produksjon Ola Lingaas, som skal gå av med pensjon.
SFE Produksjon, som er selskapet som Flatjord skal leie, har i dag 70 tilsette og er i prosess med å rekruttere endå fleire. Selskapet opererer 28 av 31 heil- eller deleigde kraftverk i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dei siste to åra har selskapet auka kraftproduksjonen sin med nær 20% etter store utbyggingar i Østerbø, Jølstra og på Lutelandet.
Publisert: 15.07.2022 06:46
Sist oppdatert: 15.07.2022 06:48