Urealistiske synergivurderingar tener ikkje SFE-eigarane
Vi håpar vi no kan få ordskiftet inn på eit konstruktivt og ærleg spor, skriv konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi som svar til Eviny.
SFE kjenner oss ikkje igjen i den voldsomme verdiskapinga som Eviny meiner ein fusjon vil gi. Vi kjenner oss heller ikkje igjen når Eviny forsøker å snakke ned verdiskapinga SFE har oppnådd dei seinare åra.
Den seinaste veka har styra i både SFE og Sogn og Fjordane Holding gitt ei tydeleg tilråding til eigarane om å stogge vidare fusjonsforhandlingar med Eviny. I media blir det no forsøkt å etablere eit inntrykk av at eigarane i så fall seier frå seg ei enorm verdiskaping.
Konsernsjef i Eviny, Ragnhild Janbu Fresvik har gjennom fleire redaksjonar formidla tal på samanslåingseffektar og meirverdiar som vi meiner er både usikre og misvisande.
Urealistisk inntektspotensial
Fresvik er sitert i Firda på at eigarane i SFE takkar nei til svært store verdiar dersom dei ikkje går med på ein fusjon.
Det er eit stort sprik mellom oss og Eviny når det gjeld synergipotensial og Eviny kjem her med tal som vi meiner er alt for optimistiske, og basert på svært usikre føresetnader.
Etter vårt syn gir tala eit misvisande bilete og tener ikkje dei viktige vurderingane som eigarane no skal gjere. Eviny legg for eksempel til grunn forventningar om at vi saman skal oppnå betydeleg auka inntekter frå kraftomsetnad på ulike balansemarknader. Dette er balansemarknader der SFE allereie er svært aktive og skapar store verdiar allereie i dag. Første halvår slo vi marknaden med 25% ut i frå grunnkraftpris.
Avgrensa effekt på utbytte
Det er dessutan meirverdiar etter skatt som vil vere relevant for eigarane. Og berre rundt 10% av desse meirverdiane vil tilfalle fylkeskommunen og dei kommunale eigarane av SFE. 90% vil tilfalle Eviny sine eigarar, der Statkraft og Bergen kommune er dei største i dag, med høvesvis 43 og 38 prosent eigarskap.
For fylkeskommunen og dei kommunale eigarane av SFE vil den samla årlege utbytteeffekten av synergiane bli 2,1 millionar i gjennomsnitt dei neste 10 åra, ifølgje KPMG. Dette bør ein sjå opp mot eit samla forventa utbyte til dei same eigarane frå SFE på 2,5 milliardar kroner komande 10-årsperiode, for ikkje å snakke om verdien av å framleis ha SFE i regionen.
Stolt av verdiskapinga
Fresvik seier også at «fellesskapet på Vestlandet må få ei betre forvaltning av verdiane i SFE framover enn dei har lukkast med historisk».
Dette trass i at SFE er tredje best innan vasskraftutbygging i landet dei seinaste fem åra. Sidan 2016 har SFE hatt ein verdiauke på 156%, ifølgje verdivurderingar som er gjort i denne prosessen. Dette tilsvarer ei gjennomsnittleg årleg avkasting på 22%, som er 10%-poeng høgare enn avkastinga på Oslo Børs i same periode.
SFE er stolte av den verdiskapinga organisasjonen har skapt dei seinare åra, og ikkje minst grunnlaget som er lagt for solid verdiskaping i framtida. Det synest vi Eviny som eigar også har grunn til å vere.
Vi håpar vi no kan få ordskiftet inn på eit konstruktivt og ærleg spor. Det vil tene vurderingane som eigarane no skal gjere.
Publisert: 21.11.2024 14:45
Sist oppdatert: 21.11.2024 14:45