Ny jobb

Knut Arild Flatjord

Tar over som ny konsernsjef Sogn og Fjordane Energi.

14.12.2023
Knut Arild Flatjord portrett

Knut Arild Flatjord tar over som konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE), når Johannes Rauboti går av med pensjon til neste år.

Konsernstyret i SFE har gjennom hausten søkt eter ny toppsjef for selskapet, og det var til slutt den interne kandidaten Knut Arild Flatjord, som nådde heilt fram.

43-åringen er utdanna automasjonsingeniør og har mastergrad innan økonomi og leiing (MBA). Han var tidlegare regionsdirektør for GK på Vestlandet før han vart tilsett som direktør for SFE sit dotterselskap, SFE Produksjon, frå januar i år.

Som konsernsjef blir han øvste leiar i selskapet med 100 tilsette. Han får også ansvaret for forvaltning av alle SFE sine eigarskap, deriblant Linja, Watn og Enivest, i tillegg til ansvaret for kraftproduksjon som han har i dag.

– SFE er ein fantas􀆟sk arbeidsplass med ein solid kompetanse og eit arbeidsmiljø som inspirerer meg kvar einaste dag. Eg har vore interessert i kraftbransjen sidan den gong eg var med å bygge vårt eige småkrakraftverk i Stardalen tilbake på tidleg 2000-tallet saman med naboane, uttalar Flatfjord i meldinga.

Publisert: 14.12.2023 15:02

Sist oppdatert: 14.12.2023 15:03

Mer om