Ny jobb
Nina Sævik
Får ansvar for kommunikasjon i reinhaldsverket.
28.11.2023
Nina Sævik er tilsett som ny kommunikasjonsansvarleg i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk i Ulsteinvik.
41-åringen kjem frå Ulstein og bur no i Asker. Ho startar å jobbe frå heimekontor på Austlandet, og før sommaren neste år skal ho flytte heim
Sævik er utdanna journalist og har også bakgrunn frå marknadsføring. Dei 12 siste åra har ho jobba som fagansvarleg for kommunikasjon og redaktør i Norsk cøliakiforening.
Publisert: 28.11.2023 16:37
Sist oppdatert: 28.11.2023 16:37