Ny jobb

Nina Viddal

Er tilsett som prosjektleiar for Norsk Innovasjonssenter.

16.11.2023
Nina viddal foto portrett beckstudio 11

Norsk Innovasjonssenter AS (NIAS) i Volda er i gang med å etablere og utvikle eit innovasjonsselskap for Søre Sunnmøre.

Viddal skal ha ansvar for å skape ein arena for samhandling, kunnskapsutveksling og tverrfagleg innovasjon, til nytte for studentar, næringsliv, kommunar, helseføretak, fagmiljø og innbyggarar på Søre Sunnmøre, skriv NIAS i ei pressemelding. Ho har vore konstituert prosjektleiar i haust.

Senteret sin grunnfilosofi og fokusområde er å utnytte konkurransefordelen ein har mot kreative næringar som film, video, animasjon, fotografi, PR/Kommunikasjon, media, IKT og design, slik at dei er relevante, oppdaterte og dekkjer etterspurde behov i næringslivet, heiter det i pressemeldinga.

Norsk Innovasjonssenter eir eigd av Sunnmøre Kulturnæringshage, som har Selskapet for Industrivekst (SIVA) og Sparebank1 SMN som største eigarar.

Publisert: 16.11.2023 10:39

Sist oppdatert: 18.11.2023 12:02