Ny jobb
Ragnhild Remøy
Blir HR-direktør i Ulstein Group.
13.04.2023
Ragnhild Remøy er tilsett i stilling som HR-direktør i Ulstein Group.
Ho kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i Norsk Pasientskadeerstatning, og har mellom anna vore HR-direktør i Helse Møre og Romsdal og ved Fiskerstrand verft den siste tiårsperioden. Tidlegare har Remøy hatt ulike leiarstillingar innan privat og offentleg sektor.
Ho har ei mastergrad innan strategisk leiing frå Norges Handelshøyskole og ein «executive MBA» frå Saïd Business School, University of Oxford, opplyser skipsbyggerkonsernet i ei pressemelding.
Lene Trude Solheim som slutta i 2020, var den som sist hadde denne rolla i konsernet.
Publisert: 13.04.2023 15:15
Sist oppdatert: 13.04.2023 15:31