Ny jobb

Roy Stian Farsund

Roy Stian Farsund blir direktør for bedriftsmarknad.

Administrator
11.02.2021
Roy Stian Farsund
45-åringen frå Jølster blir ny direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane. Roy Stian Farsund kjem frå stillinga som banksjef for bedriftsmarknad Sunnfjord i same bank, og startar som direktør for bedriftsmarknad rett over nyttår. Banken har 6 av 10 aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar, og eit samla utlån på 13,6 milliardar til næringslivet i regionen. Han tar over direktørrolla i ei tid ei tid der pandemien har skapt store omveltingar for næringslivet. – Eg kjenner på det ansvaret. Tida vi er i no berer preg av stor usikkerheit for ulike delar av næringslivet, og det er krevjande for fleire av kundane våre. Vi har heilt frå starten av nedstenginga i mars vore tett på kundane våre for å finne gode løysingar for dei, og det kjem vi til å fortsette med, seier Farsund.

Publisert: 11.02.2021 09:03

Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03