Ny jobb
Runa Bakke
Ny kommunalsjef I Herøy.
12.09.2022
Runa Bakke er tilsett som ny kommunalsjef for sektor helse og omsorg i Herøy kommune.
- Vi er utruleg glade for at Runa Bakke har takka ja til stillinga som ny kommunalsjef. Ho kjenner organisasjonen godt, og gjennom si noverande stilling har ho fått vist kompetansen og kunnskapen sin i helse- og omsorgsstenesta på ein god måte, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen i ei melding.
Bakke kjem frå stillinga som leiar for barn, familie og helse i Herøy kommune.
Publisert: 12.09.2022 09:47
Sist oppdatert: 12.09.2022 09:52