
Ulstein Entreprenør er glade for å kunngjere at Rune Totland er tilsett som ny dagleg leiar, blir det opplyst i ei melding frå selskapet.
Totland tok frå 1.september over for Jørund Reite, som går over i konsernadministrasjonen i Ulstein Betongindustri AS.
– Vi er svært glade for å få Rune med på laget, seier administrerande direktør Erlend Haugsbø i Ulstein Betongindustri og legg til at Totland har solid erfaring frå bransjen.
Jørund Reite vil halde fram i konsernet som senior-prosjektleiar i konsernet, og bidreg vidare med sin kompetanse og erfaring, heiter det vidare i meldinga.
Publisert: 02.09.2025 15:17
Sist oppdatert: 02.09.2025 15:17





