Erlend Haugsbo 2 Ulstein betongindustri foto Marius
konsernsjef Erlend Haugsbø i Ulstein Betongindustri ønsker snart velkomen til ope dag og markering av at bedrifta er 70 år i 2025. Då vil ein få sjansen til å sjå arbeidet deira på nært hald. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hjørnesteinsbedrift feirar 70 år med ny inntektstopp

Sjefen på «betongen» har gode grunnar til å smile, trass underskot.

Marius Rosbach
27.06.2025

Ulstein Betongindustri leverer i desse dagar rekneskapen for 2024. Den viser at den lokaleigde verksemda i Ulstein-bygda Haddal held koken. 

Omsetninga auka til 239 millionar kroner – opp frå førre rekord i 2023 på 220 millionar. 

På botnlinja vart 2024 likevel eit minusår for konsernet, som består av sju selskap til saman. Eit underskot før skatt på nær seks millionar, held likevel ikkje konsernsjef Erlend Haugsbø vaken om natta.

– Sjølvsagt ønsker vi oss betre marginar enn dei siste åra har gitt, seier han til Nett No. 

Når Haugsbø likevel ikkje er uroa, har det å gjere med årsakene som ligg bak den svekka lønnsemda i fjor:

  • Tap grunna reklamasjon på eit bustadprosjekt i Ulsteinvik – der ein samarbeidspartnar gjekk «dukken» undervegs.
     
  • Ny nedgang for aktiviteten i bygg og anlegg – som Haugsbø trur kom forbi botnpunktet i2024.
     
  • Auka investeringar på anlegget - og nye folk i administrasjonen fordi dei satsar meir på produktutvikling, sal og marknadsføring av produkta sine.

Trass i underskotet er det difor ei bedrift i medvind som inviterer til 70-årsjubileum for verksemda med ope dag den 6. juli.

– Vi har vore her i 70 år, og ambisjonen er å være her i minst 70 år til, seier Haugsbø.

Ulstein Betongindustri (konsern)  
Tall i mill. kroner20242023
Driftsinntekt239,2221,5
Driftsresultat1,612,2
Resultat før skatt-5,95,2

«All time high» på fôrflåter
Fôrflåtar til oppdrettsnæringa har vore eit vekstområde for betongbedrifta i fleire år. Slik ser det også ut til å halde fram.  

Då Nett No er på besøk tel Haugsbø opp heile ni ulike prosjekt dei har inne til arbeid - dei fleste frå denne marknaden.

– I havbruksmarknaden har vi vi ein aktivitet som er «all time high», seier han. 

Ulstein betongindustri forflater foto Marius
«ALL TIME HIGH»: Ulstein Betongindustri har «all time high»-aktivitet med oppdrag på store fôrflåter til oppdrettsbransjen. No trur konsernsjef Erlend Haugsbø også på oppgang for byggebransjen på land. Foto: Marius Rosbach

Ulstein-selskapet er truleg dei som har levert flest slike flåtar i betong her til lands. Samtidig blir flåtane større og får meir avanserte funksjonar om bord. Det gjer at verdiane på kvart oppdrag aukar. 

Utviklinga gjer at konsernet vurderer investeringar for å auke kapasiteten på anlegget.

Trur på opptur i byggbransjen
Innan bygg- og anlegg har det vore nedgang i aktiviteten over fleire år – men fleire melder at ting no har teke seg opp att. Det gjer Haugsbø optimistisk. 

– Vi trur at det skal løfte seg litt, og ser tendensar til det. Vi har fleire oppdrag som vi reknar på i dag, enn på same tid i fjor, seier han. 

Betongstasjonen opplever eit fall i marginane samanlikna med tidlegare. Etter at det er blitt færre konkurrentar dei siste åra, er Nordfjordeid og Ålesund næraste alternative stasjonar for kundane.

– Slik har vi fått ein litt større geografisk marknad, fortel Haugsbø. 

Ulstein Betongindustri betongstasjon foto marius
MINDRE KONKURRANSE: Nordfjord og Ålesund er næraste alternativ til betongstasjonen ved Ulstein Betongindustri etter at det er blitt færre konkurrentar siste åra. Det har utvida nedslagsfeltet deira. Foto: Marius Rosbach

Leverer nye kaier til verdsarvfjorden
På anlegget til Ulstein Betongindustri ligg den første av tre kaier som Stranda hamnevesen har bestilt. Kaiene skal ligge i Geiranger, Hellesylt og Stranda, og bidra til å løyse logistikken i verdsarvfjorden når strengare utsleppskrav trår i kraft. 

– Vi håpar dei skal bli eit fint utstillingsvindauge for oss, seier Haugsbø. 

Kaiene er eit samarbeid med Marina Solutions i Ørsta, og eit døme på eit anna vekstområde for selskapet. 

Om bord kan ein ha alt frå toalett, garderobe, teknisk rom og lager under vatn. Kaiene skal også vere klargjort for å installasjon av ladetårn for batteridrivne båtar. 

Kai stranda hamnevesen ulstein betongindustri
MYKJE UNDER VATN: Kaiene som Ulstein Betongindustri lagar til Stranda Hamnevesen har fleire funksjonar under vatn. Illustrasjon: Stranda Hamnevesen

Har stor tru på forsvarsmarknaden
Leveransar til den militære marknaden er eit anna område Haugsbø meiner er svært interessant. 

– Vi er ikkje der i dag, men vi ser på det som eitt av dei mest spennande marknadsområda dei neste ti åra. Eg trur at ein del av det vi lagar, og har moglegheit til å utvikle, kan passe veldig godt til forsvaret både i Norge og Europa, seier han.

Fiskerikaiar med ulike funksjonar er eit av fleire andre område Ulstein Betongindustri har satsa på dei siste åra. 

Haugsbø meiner også det vil kome etterspurnad etter nye typar installasjonar på vatnet. Til eksempel kan heile kvartal leggjast på sjøen, med rom både over og under vatn.

– Med aukande havnivå og meir bølgjer og vind, har vi løysingar som kan passe godt for å møte dei utfordringane, seier han. 

Tøffare å få utanlandsk arbeidskraft
Aktiviteten gjer at konsernsjefen kunne tilsett folk på dagen om dei kom på trappa. Men tilgangen på fagfolk til betongindustrien har vore ei utfordring for bransjen over lengre tid. 

Dei siste åra er den forsterka ved at det er mindre attraktivt for folk frå austeuropeiske land å kome til Norge for å jobbe. 

– Då vi starta å ta inn utanlandsk arbeidskraft, fekk ein polsk arbeidar betalt seks gonger meir i lønn her, enn i heimlandet. No får den same arbeidaren berre dobbel lønn i Norge, seier Haugsbø. 

Med aukande arbeidsløyse i Sverige, har konsernsjefen eit håp om at det kan blir enklare rekruttere frå «søta bror». 

Ti unge i sommarjobb
For å sikre rekrutteringa har det høg prioritet på arbeidet med å få unge i lokalmiljøet til å velje betongbransjen. 

Då Nett No er på besøk er nær ti unge under 18 år i gong med sommarjobb ulike plassar i bedrifta. 

– Eg trur ikkje det er så mange bedrifter her i Ulstein som tek inn så mange unge sommarvikarar. Det er óg eit ledd i rekrutteringsarbeidet vårt, seier konsernsjefen.

Kvart år tek dei også inn nye lærlingar – og Haugsbø fortel at dei gjerne kunne hatt fleire.

Publisert: 27.06.2025 09:57

Sist oppdatert: 27.06.2025 09:57

Mer om