Ny jobb

Susanne Giske

Går frå Fiskeridirektoratet til Fiskebåt.

14.09.2023
Susanne Giske portrett

Susanne Giske er tilsett som ny rådgivar i Fiskebåt, ifølgje ei melding frå interesseorganisasjonen.

Ho kjem frå jobb i Fiskeridirektoratet og er utdanna jurist frå 2008 med spesialisering i skatterett.

- Giske har ein solid fagleg bakgrunn, både gjennom utdanning og jobben i Fiskeridirektoratet som ho kjem frå. I tillegg har ho arbeid fleire år som skattejurist. Dette er gode og nyttige kunnskapar som vil kome medlemmane i Fiskebåt til gode, uttalar Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt i meldinga.

Styrkinga er ledd i tilrådingane frå Fiskebåt sitt organisasjonsutval og årsmøte om å styrke bemanninga for å ivareta den havgåande flåten sine interesser på best mogleg måte.

Giske starta i jobben måndag denne veka.

Publisert: 14.09.2023 10:01

Sist oppdatert: 14.09.2023 10:02

Mer om