Ny jobb
Trond Skodjevåg Bø
Trond Skodjevåg Bø er tilsett som salssjef i Wavefoil.
Administrator
11.02.2021
Ulsteinvikaren kjem frå Ulstein Group der han har hatt ulike stillingar i fleire år – sist som salssjef ved Ulstein Verft. I arbeidet ved Ulstein har han vore involvert i å ta konsernet inn i nye marknader som vindskip, passasjerferjer og mindre cruiseskip.
Skodjevåg Bø har master i Business Administration og IT Management ved Handelshøgskulen BI i Bergen. Han har tidlegare arbeidd for mellom anna Saferoad.
Publisert: 11.02.2021 09:03
Sist oppdatert: 11.02.2021 09:03