Ny jobb

Vegard Sæter Gurskevik

Ny HR-manager i MMC First Process.

22.06.2022
Vegard Sæter Gurskevik portrett

Vegard Sæter Gurskevik er tilsett som ny HR-manager i MMC First Process og startar i stillinga i september, ifølgje Vikebladet.

Han kjem frå stillinga som skulesjef i Ulstien kommune og skal ha arbeidsstad på Mjølstadneset i Herøy.

– Dette var ein sjanse eg ikkje kunne takke nei til, seier Gurskevik til avisa.

44-åringen er utdanna lærar og dei to siste åra har han vore skulesjef i Ulstein kommune. Til hausten avsluttar han ei masterutdanning i leiing.

Publisert: 22.06.2022 23:12

Sist oppdatert: 22.06.2022 23:16

Mer om