Wilhelm Eggesbø
Ny dagleg leiar på Solstrand Verft.
Wilhelm Eggesbø er ny dagleg leiar ved Solstrand Verft.
Herøyværingen har dei siste åra vore prosjektleiar i Vard Electro, og har utdanning innan økonomi, administrasjon og prosjektleiing. Han har også bakgrunn som maskinist og maskinsjef på fiskefartøy, offshoreskip og oljerigg. Den nye sjefen blir omtala som systematisk, strukturert, open og inkluderandem, i ei melding på verftet sine heimesider.
Eggesbø tek over leiinga av verftet etter eigar Tore Rekdal, som kjøpte verftet i 2016. Det er gjort fleire grep dei siste åra for å sikre sunn drift ved det tradisjonsrike verftet, som la fram eit rekneskap med overskott og auka omsetning frå 2019.
Les også
Publisert: 07.06.2021 13:31
Sist oppdatert: 10.06.2021 10:20