A Aleine paa kvitfisk i Heroey
ÅLEINE: Etter konkursen til Sunnmørsfisk, er Marine Sales og Paul og Raymond Moltu dei einaste mottakarane av kvitfisk i Herøy.
Nytt

Åleine på kvitfisk i Herøy

Fiskarane står i kø for å levere hos Marine Sales i Herøy etter konkursen for Sunnmørsfisk i Fosnavåg.

03.02.2014
- Ja, aktiviteten her er høgare enn nokon gong, seier dagleg leiar Raymond Moltu.
Etter at , er fiskemottaket i Stoksund den einaste plassen der det er mogleg å få levert torsk og annan kvitfisk i Herøy. Men i Stoksund tek ein normalt ikkje imot garnfisk utanom torskesesongen, som normalt er frå februar til påske.
- Vi har spesialisert oss på kvalitetsfisk fanga på snøre, line og snurrevad, og prioriterer denne flåten i resten av året.
Moltu seier at det er i ferd med å verte få alternativ att for levering av garnfisk. Han fryktar at dette kan verte eit problem i vinter ettersom det er venta stort torsketilsig.
- Det er uheldig om leveringsproblema vert så store at enkelte gir opp. Det taper alle på, seier han.

Frå far til son

37-åringen har siste ti åra leia fiskemottaket, med god hjelp av faren Paul, som starta opp mottaket for rundt 25 år sidan. Paul er framleis aktiv.
- Far har gjort ein kjempejobb, både på kaia og i produksjonen med sløying og kapping. Men no synst eg han bør tenkje litt meir på seg sjølv og ta det litt rolegare, seier Raymond.
- Vi får sjå. Det er kjekt å sjå at det går godt, seier Paul.
Årets sesong kan verte ein rekordsesong for fiskemottaket. I fjor passerte ein 800 tonn med kvitfisk. Målet i år er 1000 tonn.
- Vi kan ta meir, men i den mest hektiske torskesesongen er det vanskeleg å ta imot mykje meir enn dei 500 tonna som vi tok imot i fjor.

Høg kvalitet

Fisken frå Stoksund vert sløya og kappa. Deretter vert han blankisa, pakka i kasser og send på bil direkte ut til kundar i Norge og i utlandet.
- Dette er også ein av grunnane til at kvalitetskrava er så høge på det vi kjøper inn, seier Moltu.
Selskapet er ein del av Ålesund-baserte Marine Sales, etter at Paul Moltu tidlegare dreiv i eigen regi.
- Dagens modell fungerer godt. Mellom anna skjer alt salsarbeidet frå salsavdelinga i Ålesund.

Lojale kundar

Raymond Moltu seier at han vil prioritere dei faste leverandørane.
- Nokre nye har vi sagt ja til, men vi kjem uansett aldri til å la det gå ut over dei som har levert her fast over mange år.
- Vi har hatt nokre utruleg lojale leverandørar av ferskfisk. Det er dei som har æra for at vi eksisterer, og dei gløymer vi aldri.
Selskapet har seks fast tilsette i Stoksund. I tillegg kjem tilkallingsvikarar. Raymond Moltu seier at ein kjem til å ta inn litt fleire tilsette i torskesesongen.
- Ja, vi reknar med at det vert stort trykk framover.

Fosnavaag Pelagic

NETT NO kjenner til at det vert sett på mulegheitene for å ta imot kvitfisk ved Fosnavaag Pelagic i vinter. Raymond Moltu synt det er positivt om det vert ein realitet.
- Spesielt dei lokale garnfiskarane burde hatt eit betre tilbod enn dei ser ut til å få i vinter.
Det er dei som har æra for at vi eksisterer, og dei gløymer vi aldri

Publisert: 03.02.2014 18:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31