O Ersta rekkverk til sykkelstamvegen Stavanger Sandnes
AVTALE: Representantar frå Vik Ørsta og Statens Vegvesen bak det nye rekkverket.  Frå venstre Rune Holstad, Dag Rune Kalvatn og Oddvar Myklebust frå Vik Ørsta, og vidare Kari Smådal Turøy, Karen H. Zeiner, Torleif Lindefjeld og Thor-Erik Varsi frå Statens Vegvesen.
Nytt

Ørsta-rekkverk til sykkelstamvegen Stavanger - Sandnes

Vik Ørsta vann konkurransen med ny type rekkverk. - Viktig kontrakt, seier salsansvarleg Oddvar Myklebust.

28.08.2018
- Det er fleire prosjekt på gang når det gjeld sykkelvegar, så difor er det viktig for oss å få kontrakten, som leiande i Norge på dette området.
Det seier salsansvarleg Oddvar Myklebust til NETT NO etter at selskapet har sikra seg kontrakt på prestisjeprosjektet E39 Sykkelvegen mellom Stavanger og Sandnes.
- Førebuing til produksjonen startar omgåande, og første del skal monterast frå januar og utover, seier Myklebust.
Kontrakten er på rundt 2.800 meter rekkverk i 1. byggesteg og har ein verdi på cirka 10 millionar kroner, men kan i løpet av tre år verte utvida til 8.500 meter rekkverk og ein samla verdi på 30 millionar kroner.
- Dette er ein kontrakt der vi i løpet av det siste halve året har utvikla og forhandla om ein ny type rekkverk, som i første omgang skal brukast i prosjektet, seier Myklebust.

Forhandlingar

Han opplyser at den nye rekkverkstypen seinare kan brukast i nye prosjekt.
Det er Statens vegvesen som står bak prosjektet E39 Sykkelstamvegen mellom Stavanger og Sandnes.
- Kontrakten er inngått etter prinsippet med forhandlingar, og gir oss ei stadfesting på at vi er langt framme når det gjeld produktutvikling og kvalitet i leveransane, seier Myklebust, i ei pressemelding.

- Godt nøgd

Kari Smådal Turøy, prosjektleiar for bygging av Sykkelstamvegen i Statens vegvesen, seier i pressemeldinga seg godt nøgd med resultatet av konkurransen.
- I staden for å teikne eit rekkverk og få nokon til å produsere det, valde vi å invitere leverandørar til å utvikle det for oss basert på våre skisser til utforming.
- Det har vore ein veldig god prosess der vi har fått dra nytte av kompetansen til leverandørane, seier Turøy og viser til at Vik Ørsta-rekkverket er greit å montere, og som også vil sjå fint ut etter mange år langs vegen.
Vik Ørsta opplyser at avtalen gir arbeid til produksjonsanlegga i Ørsta og anlegget i Vik i Sogn.

Publisert: 28.08.2018 10:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25