Artikkelen er oppdatert fredag 16. mai, etter at årsmeldinga til konsernet for 2024 vart offentleg tilgjengeleg.
Brunvoll i Molde har auka inntektene med 50 prosent på to år. I Volda er inntektene meir enn dobla i same periode.
Begge dei to produksjonsselskapa i Brunvoll-konsernet tilsett fleire folk i fjor, og ventar inntektsvekst også i 2025, ifølgje dei ferske årsmeldingane.
Ordreinngangen i fjor var høgare enn åra før både for Molde- og Volda-selskapet i gir- og propellkonsernet, fortel dei i årsmeldingane for 2024.
I Molde er det vekst i marknaden for utstyr til nye båtar og stabil høg etterspørsel i ettermarknaden (vedlikehald og reparasjonar). Oppdrag til nye båtar er aukande også i Volda, der selskapet også fortel om «spesielt god» aktivitet i ettermarknaden i fjor.
541 på lønningslista
Dei to selskapa er dei største produksjonsselskapa i Brunvoll-konsernet, og hadde tilsaman 541 tilsette i fjor. 391 arbeidde i Molde, 150 i Volda. Tilsaman 40 av dei tilsette var lærlingar.
Konsernet samla auka inntektene med 29 prosent i fjor, og 63 prosent sidan 2022, og ventar vidare vekst i 2025.
Rekordoverskot og rekordutbytte
I 2023 hadde Brunvollkonsernet eit resultat før skatt på 157 millionar kroner. Det tilsvarar eit resultat før skatt i høve til driftsinntektene på nær 11 prosent. Det var rekord, og i fjor vart det enda betre. Resultatet før skatt på 221 millioner kroner tilsvarar 11,9 prosent av driftsinntektene.
Konsernet er eigd av medlemar av Brunvoll-familien, fordelt på over 30 ulike aksjonærar, som etter 2024 deler på eit utbytte på 92 millionar kroner. Dei fleste aksjane er eigd gjennom eigne selskap.
| Brunvoll Holding as (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1860,8 | 1438,3 |
| Driftsresultat | 206,1 | 145,8 |
| Resultat før skatt | 221,0 | 156,6 |
| Brunvoll As | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 1308,6 | 1111,8 |
| Driftsresultat | 129,5 | 125,6 |
| Resultat før skatt | 133,3 | 129,3 |
| Brunvoll Volda as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 499,1 | 331,8 |
| Driftsresultat | 23,3 | 13,2 |
| Resultat før skatt | 24,4 | 13,1 |
Publisert: 14.05.2025 08:02
Sist oppdatert: 16.05.2025 07:12






