Eksfin Tone Lunde Bakker foto Marius
PÅ TOPP: Møre og Romsdal er det fylket som i størst grad nyttar seg av ordningane til Eksfin, fortel administrerande direktør Tone Lunde Bakker. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Møre og Romsdal på topp – igjen

Eksfin-sjefen skulle ønske fleire regionar tok etter Nordvestlandet.

Marius Rosbach
14.05.2025

Tysdag vart det feira at det er 20 år sidan Eksfin etablerte seg i Ålesund. Det skjedde på Skansekaia der både den statlege finansieringshjelparen og Innovasjon Norge har kontor. 

Under markeringa kom det fram at Møre og Romsdal igjen var det fylket som i størst grad har nytta seg av låne- og garantiordningane i fjor. 

– Vi skulle ønske at det var fleire regionar som kom opp på dette nivået, sa Eksfin-sjef Tone Lunde Bakker då ho snakka til forsamlinga. 

Skip til vindkraft dominerer
Drygt åtte milliardar blei gitt i lån og garantiar knytt til eksport frå Møre og Romsdal i løpet av fjoråret. 

Av dette var kring seks milliardar knytt til skip bygd for havvindindustrien. Bakker peiker på at dette er eit resultat av omstillinga i den maritime bransje dei siste åra. 

Då offshorekrisa slo til kring 2014, var det bygging av skip til olje- og gassektoren som fekk absolutt mest hjelp frå Eksfin. I dag er det havvind og forsvarsindustrien som har vekse fram som dei viktigaste næringane. 

Eksfin Tone Lunde Bakker med graf foto Marius
NYE BRANSJAR: Eksfin-sjef Tone Lunde Bakker viste korleis bransjar som havvind og forsvarsindustrien har auka dei siste åra, til fordel for offshoreprosjekt. Foto: Marius Rosbach

Imponert av den maritime klynga
Eksfin-sjefen er imponert over korleis verft og reiarlag i den maritime klynga på Nordvestlandet har lukkast i ein sterk internasjonal konkurranse. 

Ho meiner dette samarbeidet mellom dei ulike aktørane er avgjerande. Samtidig ser ho ein kultur for nyskaping og entreprenørskap som skil seg frå andre delar av landet.

– Kanskje er folk blitt tøffare her fordi dei er vande med å jobbe med havet, som er røft og krevjande. Også ser eg ein kreativitet, pågangsmot og vilje til å vinne, samtidig som folk er litt uredde, seier Bakker til Nett No. 

I kvar grad det er mogleg for andre å kopiere dette, er ho usikker på.  

– Men kanskje kan vi bruke ressursar herifrå i større grad, slik at vi kan nytte dei til det beste for Norge, legg ho til. 

Opnar nytt kontor i Bergen
Tone Lunder Bakker har leia Eksfin sidan samanslåinga mellom tidlegare Eksportkreditt Norge og Garantiinstituttet for eksportkreditt i 2021.

Under 20-årsmarkeringa i Ålesund understreka Bakker viktigheita av å vere til stades lokalt. 

– I Oslo føler vi på at det kan vere langt ut til distrikta der mykje av eksporten skjer. Difor har det stor verdi for oss å ha lokale representantar som  jobbar her til dagleg, legg ho til. 

Eksfin er i dag to tilsette på Ålesund-kontoret, Stig Gjethammer og  Kaare Haahjem. I tillegg til hovudkontoret i Oslo, vart det for få år sidan etablert kontor i Stavanger. 

Under markeringa i Ålesund kunne Eksfin-sjefen fortelje at det snart vil bli opna Eksfin-kontor i ein ny by. Ho vil ikkje avsløre kor det blir, men Nett No veit at planen er å etablere det nye kontoret i Bergen. 

Publisert: 14.05.2025 09:58

Sist oppdatert: 14.05.2025 09:58

Mer om