Før jul varsla Forsvarsmateriell at konkurransen om å få bygge inntil 28 standardiserte skip til Forsvaret skal delast i to, først ein konkurranse om å designe fartøya, deretter ein konkurranse om å bygge dei.
Planene er å bygge alle fartøya på norske verft og håpet frå industrien er at også andre land skal velge slike fartøy til sitt forsvar.
I går gjekk fristen ut for å søke om å bli kvalifisert til designkonkurransen. Der er det 11 søkarar fortel Forsvarsmatriell i ein epost til Nett No.
Forsvarsmateriell planlegg rask behandling av kvalifiseringssøknadane.
"Forsvarsmateriell planlegger å ferdigstille vurderingen av kvalifikasjonssøknadene innen kort tid, og deretter gå videre til neste fase av konkurransen ved månedsskiftet.", heiter det i eposten.
Skipsteknisk er med
Forsvarsmatriell vil ikkje gå ut med namn på søkarane.
Skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund har stadfesta at selskapet har søkt, og desember i fjor sa Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti at "Vard er med si erfaring med slike fartøy, ein sjølvskriven deltakar i konkurransen om å utvikle og levere skipa".
Også Ulstein Design & Soulutions har meldt seg på.
Tre til seks går vidare
Det skal veljast ut seks til tre aktørar som vil vere kvalifisert til å konkurrere vidare. Det kan også bli færre går det fram av dokumentane i kunngjeringa frå Forsvarsmateriell før jul.
Fristen for å levere sjølve anbodet på design og konseptutvikling er sett til 27. februar.
Poenget med stadndariserte skip er at dei skal byggast slik at dei kan utrustast med ulike typar våpen og utstyr samstundes som kostnadane blir haldne nede ved at sjølve skipa er like.
Les også
Publisert: 21.01.2026 07:57
Sist oppdatert: 22.01.2026 11:52






