OFS foto OFS
LANDBASERT: OFS hentar pengar for å finansiere utbygging av sitt landbaserte oppdrettsanlegg mellom Måløy og Raudeberg. Illustrasjon: OFS
Nytt

120 nye aksjonærar i landbasert oppdrett

Treng 16 millionar kroner til for å kome i mål.

03.01.2024

I løpet av romjula har kapitalutvidinga i det landbaserte oppdrettselskapet OFS passert 40 millionar kroner.

- Vi er veldig godt fornøgd med 120 nye investorar, seier styreleiar og medeigar Ronny Almenning om resultatet av kapitalutvidinga så langt.

Med dei nye medeigarane har Måløy-selskapet no omlag 160 aksjonærar.

Vil forlenge fristen
Men OFS er ikkje mål. Minstemålet for kapitalutvidinga er 56,25 millionar kroner, som betyr at ytterlegare omlag 16 millionar kroner må på plass. OFS har allereie forlenga fristen for å teikne seg ein gong, og vil forlenge fristen på nytt om pengane ikkje er på plass innan dei fire dagane som står att før dagens frist går ut.

Kapitalutvidinga blir gjennomført i regi av selskapet Dealflow, som har spesialisert seg på å koble mindre investorar med selskap på jakt etter kapital.

Snakkar med fleire
Almenning seier OFS er i samtalar med fleire potensielle investorar, som åleine kan teikne seg for det som står att av for å nå minstemålet for kapitalutvidinga.

Uansett reknar han med at OTS vil nå dette.

- Den vurderer eg som veldig god, seier han om sjansen for at OFS får inn pengane selskapet vil ha.

Skal utvide kapasiteten
Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere neste steg med utbygging og auka produksjonskapasitet til selskapet.

OFS sitt landbaserte anlegg ligg mellom Måløy og Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune. Selskapet har gjennomført si første slakting og satsar på å vere i gang med kommersiell aktivitet neste år.

OFS har ein konsesjon på å produsere 15.000 tonn i året.

Publisert: 03.01.2024 11:24

Sist oppdatert: 03.01.2024 14:29

Mer om