24t DGM0cwcw
ALLE BLEI BERGA: Fiskebåten Fay gjekk ned i Barentshavet 28. desember 2019 etter at heile mannskapet vart berga. Foto: Redningsselskapet.
Nytt

18 dagar i retten etter forlis

Rettssak etter Fay-forliset i haust.

02.08.2022

Sogn og Fjordane tingrett har sett av 18 dagar i oktober og november i år til å handsame erstatningskravet frå fiskebåtreiarlaget Kenfish II på Nordmøre etter at fiskebåten Fay forliste i Barentshavet 28. desember 2019.

Alle dei 12 ombord blei berga, men båten gjekk ned.

Kenfish II har retta eit erstatningskrav mot skipsverftet Stadyard og skipsdesignselskapet Seacon. Dei to Måløyselskapa høvesvis bygde og teikna båten.

Saksøkt er også styreleiar Agnar Lyng i Stadyard og styremedlemane Knut Helge Sørpoll, Malvin Silden og Trond Kongshaug.

Ikkje reknskapsført
I årsmeldinga til Stadyard står det at kravet frå Kenfish II ikkje er reknskapsført "da Stadyard og våre juridiske rådgivere mener det er lite sannsynlig at Stadyard as blir holdt ansvarlig for kravet i tingretten."

Det går ikkje fram av årsmeldinga til Stadyard eller reiarlaget Kenfish II kor stor kravet er, men Stadyard skriv at ei bokføring av kravet ville "fått en vesentlig effekt på Stadyards regnskap og egenkapital for 2021".

NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Stadyard eller reiarlaget.

Manglande stabilitet
Manglande stabilitet og ei vrien lasteluke gjorde at fiskebåten Fay gjekk ned i desember 2019, ifølgje Statens Havarikommisjon.

Statens Havarikommisjon skreiv i sin rapport etter forliset at den utløysande årsaka til forliste var at mannskapet ikkje vekk stengt setteluka under ein straumstans ombord og at naudstenging frå brua ikkje vart gjort. Dermed kom det vatn inn i skipet.

Kommisjonen skreiv og at Seacon ikkje hadde utført stabilitetsberekninga korrekt og at Sjøfartsdirektoratet ikkje oppdaga feilen.

Les rapporten her

Misnøgd med voldgift
Striden om Fay byrja før forliset.

Det handla om pris og vilkår for endringar som vart gjort undervegs i bygginga.

Partane møttes i ei voldgiftsretten, der utfallet ikkje blei som Stadyard hadde håpa.

Innhaldet i voldgiftsdommen er ikkje kjent, men Stadyard-styreleiar og dagleg leiar, Agnar Lyng sa etterpå at:

- Resultatet kan ein sikkert sjå på fleire måtar, men frå min ståstad er det svært vanskeleg å glede seg over at vi ikkje får dekt inn det vi meiner vi var berettiga til.

Fire advokatar
Kenfish II sin advokat er partnar Halvard Gilje Aarseth i advokatfirmaet Schjødt.

Seacon er representert av advokat Are Hunskaar, partnar i advokatselskapet DLA Piper.

Advokat Øystein Meland representerer Stadyard. Han er partnar i advokatselskapet Bahr.

Advokat Trond Hatland representerer styremedlemane i Stadyard. Hatland er partnar i advokatselskapet Thommessen.

Stadyard as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt313,7331,8
Driftsresultat-2,4-6,2
Resultat før skatt-2,4-6,6

Publisert: 02.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 02.08.2022 06:19