F Ay Skjermbilde 2021 02 24 kl 11 40 17 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
FORLISTE: Fay forliste 28. desember 2019. Alle 12 ombord blei berga. Foto: Redningsselskapet
Nytt

Stadyard-tap i voldgiftsretten

Voldgiftsaka om betaling for fiskebåten Fay gjekk ikkje som Agnar Lyng hadde håpa.

24.03.2021

- Resultatet kan ein sikkert sjå på fleire måtar, men frå min ståstad er det svært vanskeleg å glede seg over at vi ikkje får dekt inn det vi meiner vi var berettiga til, seier dagleg leiar og medeigar Agnar Lyng i Stadyard as etter av voldgiftsaka er avgjort.

Skipsverftet på Raudeberg ved Måløy og fiskebåtreiarlaget Kenfish II på Averøya var blant anna usamde om pris og vilkår for endringar som vart gjort under bygging av fiskebåten "Fay".

Ein voldgiftsdomstol er ein privat domstol der partane gjerne på førehand har avtalt å avgjere eventuelle tvistar. Kvar part vel sin representant og domstolen blir leia av ein nøytral tredjepart. Avgjerder i voldgiftsretten kan ikkje ankast.


Agnar Lyng foto Ogne
Stadyard-sjef Agnar Lyng vurderte det som mest sannsynleg at verftet skulle vinne fram med sitt syn i striden med reiarlaget Kenfish II om betaling for fiskebåten Fay. Voldgiftretten vurderte det annleis.

Rekna med å vinne
Reiarlaget sitt krav mot verftet er ikkje bokført i 2018-reknskapen. Grunnen var at Stadyard rekna det som sannsynleg at verftet ville vinne fram med sitt syn på tvisten.

Om reiarlaget skulle vinne fram ville det fått ein "vesentlig effekt på Stadyard AS`regnskap og egenkapital for 2018" i følgje årsmeldinga.

Dei same vurderingane vart gjort i 2019-reknskapen.

Vesentleg effekt
Ut over å stadfeste at voldgiftssaka er ferdig og at Stadyard er misnøgd med utfallet vil ikkje Lyng seie meir om dommen.

Striden mellom Stadyard og fiskebåtreiarlaget Kenfish II kom fram i årsmeldinga til Stadyard for 2018.

Agnar Lyng i Stadyard sa då at verftet hadde gått i pluss i 2018 om partane hadde vore samde om betalinga verftet meiner det skal ha.

I 2018 hadde Stadyard eit resultat før skatt på minus sju millionar kroner.

På havsens botn
Heile mannskapet på 12 blei berga då linebåten Fay gjekk ned utanfor Finnmark 28. desember 2019, men forliset kunne vore unngått meiner Statens Havarikommisjon.

Kommisjonen la i februar i år fram sin rapport om forliset og årsakene til forliset..

"Undersøkelsen har avdekket at de godkjente stabilitetsberegningene til Fay ikke oppfylte kravene til stabilitet.", skreiv kommisjonen i rapporten.

Forliste endra også på kva striden mellom verft og reiarlag handla om. Dette skreiv Stadyard i årsmeldinga for 2019: "Tvisten endret karakter i 2019 som følge av at fartøyet totaltforliste. Rederiet har tatt forbehold om å fremme krav mot Stadyard AS om det viser seg at havariårsaken kan knyttes til mangler ved fartøyet. Styret og daglig leder det er svært liten sannsynlighet for en slik påstand."

Vurderer krav
Det var designselskapet Seacon i Måløy som teikna Fay.

Lyng seier at Stadyard vil vurdere eit erstatningskrav mot designselskapet, men om det blir fremma er ikkje avgjort.

Stadyard as
Tal i mill. kroner20192018
Driftsinntekter205,2259,8
Driftsresultat3,4-7,4
Resultat før skatt3,7-7,0

Publisert: 24.03.2021 08:52

Sist oppdatert: 24.03.2021 08:53

Mer om