Båtbygg oversikt foto båtbygg 11
RAUDEBERG: Verftet på Raudeberg i Kinn har nær 50 tilsette og held koken trass tøffare konkurranse. Foto: Båtbygg
Nytt

20 år sidan siste minusresultat

Tøffare å få til lønnsam drift, sa Båtbygg-sjefen i fjor. Verftet slo til med nytt godt resultat.

Marius Rosbach
17.07.2023

Da NETT NO snakka med Båtbygg-sjef Kjell-Inge Sjåstad i fjor kunne han fortelje at dei hadde godt med arbeid utover 2022. Verftet styrte då mot ei tilsvarande omsetning som året før.

Han påpeika samtidig at det ville bli tøffare å få like lønnsam drift i 2022.

Både omsetning og resultat var eit knepp ned i 2022 samanlikna med året før. Verftet hadde likevel eit solid overskot før skatt på 15 millionar, som gjer at lønnsemda var på nivå med 2021.

Raudeberg-verftet leverer samtidig eit rekneskap med inntekter som er mellom dei høgaste i verftet si historie - 270 millionar (sjå tabell under).

Båtbygg


Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
270282,5
Driftsresultat
14,7
16,5
Resultat etter skatt
15,1
16,8

Omsetninga er litt under det neste beste året til verftet i 2020, og litt ned frå 2021.

Den førebelse inntektstoppen kom i 2019 med ei omsetning på 379 millionar kroner.

Spente på prisutviklinga
I årsrapporten skriv leiinga at dei er spente på utviklinga på råvareprisar og leveringssituasjonen som følgje av Ukraina-krigen.

Dei merkar framleis auka konkurranse i marknaden for ombygging og reparasjon.

Årsaka er at fleire av både dei tradisjonelle nybyggingsverfta i Norge, og fleire verft internasjonalt, no også kjempar desse jobbane. Det gir igjen prispress frå utanlandske aktørar.

Nær 50 tilsette
Båtbygg-leiinga meiner likevel dei er godt rusta med gode fasilitetar på anlegget. I løpet av 2021 fekk dei også på plass ei ny tårnkran på heile 60 meter.

I underkant av 50 tilsette jobbar no ved Raudeberg-verftet.

Framleis er eigenkapitalen på solide 55 millionar og verftet har ikkje langsiktig gjeld.

Publisert: 17.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 17.07.2023 12:23

Mer om