Fleire vurderer skrogbygging i Norge
Svak krone, leveringstryggleik og effektive arbeidsmetodar gjer det meir aktuelt å bygge heile skip heime.
I fleire tiår er det knapt bygd eit skrog ved norske verft. Høge byggekostnader har gjort det uaktuelt for dei fleste reiarar å bygge skipa frå botnen her heime – men no er det skjedd ei endring.
– Utviklinga har gjort at det i større grad enn tidlegare er mogleg for norske verft å tilby komplett skipsbygging i Norge, fortel dagleg leiar Asle B. Strønen i Norske Skipsverft til NETT NO.
– Meir innovative og effektive arbeidsmetodar
Stålprisen er den same, men svak kronekurs gjer at prisen samanlikna med utlandet er meir konkurransedyktig. Samtidig har norske verft ofte meir automatisert produksjon enn dei utanlandske konkurrentane.
– Vi kan rekne dette «heim», mellom anna fordi vi har meir innovative og effektive arbeidsmetodar, seier Strønen.
Strønen viser til Green Yard Kleven si automatiserte robotlinje som eit døme. Her vart Hurtigruten sine nyaste ekspedisjonsskip bygd frå kjølstrekk til ferdig skip.
Avhengig av kva type fartøy og storleik det er snakk om, kan prisen nokre gonger vere lik – og enkelte gongar billigare for å bygge skroget ved eit norsk verft.
Dette er ein vinn-vinn-situasjon og er betre både for verfta, reiaren og samfunnsøkonomien
Kan gi meir auka verdiskaping i Norge
Strønen påpeiker at ei slik utvikling kan auka verdiskapinga av norsk skipsbygging betydeleg.
– Det betyr at 20 til 25 prosent meir av kontraktsprisen kan gi verdiskaping her i Norge. Om ein gangar det opp med ein talet på kontraktar, så kan det vere viktig for samfunnsøkonomien, fortel han.
Eit anna poeng er at reiaren lettare kan følgje prosessen tett ved eit verft her heime – enn i Tyrkia eller Spania. Slik aukar leveringstryggleiken.
– Dette er ein vinn-vinn-situasjon og er betre både for verfta, reiaren og samfunnsøkonomien, seier Strønen.
Fleire utforskar mogleheitene
Fitjar Mekaniske Verksted sør for Bergen og Vaagland Båtbyggeri på Nordmøre er mellom dei få som har valt å bygge komplette skip på eigen bedding.
Etter det NETT NO kjenner til, utforskar også større aktørar moglegheitene til å ta heim skrogbygginga.
Dagleg leiar Gunnar Nordbø ved Vaagland-verftet fortel at dei har brukt å bygge skrog i Polen, men at prisane der har gått betydeleg opp.
– I tillegg er det høgare risiko ved å bygge i utlandet, med langt meir krevjande oppfølging, seier han.
Bluewild-reiar Tore Roaldsnes peika på det same da han fortalde om korleis dei utvikla trålaren Ecofive, som tysdag blei kåra til årets skip. Ålesundaren var tydeleg på at han aldri ville tørt å legge ein slik byggeprosess til utlandet.
Billigare i Norge – opptil ein viss storleik
Nordbø fortel at Vaagland-verftet har rekna seg til at dei klarar å bygge skrog like rimeleg i Norge – opp til ein viss storleik.
– Jo større båten er, jo meir vanskeleg blir det, men på inntil om lag 30 meter lange skrog, så meiner vi å vere like billige heime som i Polen, fortel han.
Og det klarar nordmørsverftet endatil utan automatisert produksjon. Norbø fortel at dei har korte linjer både i organisasjonen og fysisk på verftet. Der er også alt under under tak – slik at dei har godt «arbeidsvær» heile året.
– Det er ein utruleg stor fordel både når det gjeld nybygging og reparasjon, som fleire verft no satsar på, legg han til.
Publisert: 08.06.2023 10:39
Sist oppdatert: 08.06.2023 21:01