Båtbygg oversikt foto båtbygg 11
BILDETEKST: – Vi er fornøgd med resultatet i fjor, fortel Båtbygg-sjef Kjell-Inge Sjåstad. Han trur på eit nytt plussresultat, men innrømmer at det kan bli tøffare å få lønnsam drift i år.
Nytt

– Det grøne skiftet har tilført verftet mykje arbeid

Båtbygg styrer mot sitt 18. overskot på rad, men merkar tøffare konkurranse og prispress.

Marius Rosbach
11.07.2022

Båtbygg hadde nok eit godt år i fjor, med høg aktivitet og solid overskot.

Ei omsetning på 282 millionar kroner er det tredje beste dei ti siste åra. Lønnsemda vart også god i fjor med eit resultat før skatt på 16,8 millionar (sjå tabell under).

Fjoråret var det 17. overskotet på rad for verftet som sist leverte eit minusresultat i 2004.

– Spesielt starten på året har vore bra
Dagleg leiar Kjell-Inge Sjåstad ved Båtbygg kunne før helga ta ferie med eit solid halvår bak seg også i 2022.

Raudeberg-verftet styrer mot ei tilsvarande omsetning som i fjor, fortel han til NETT NO.

–Vi har hatt mykje vedlikehald og nokre ombyggingar i år. Spesielt starten på året har vore bra, og det grøne skiftet har tilført verftet mykje arbeid dei siste åra. Det gjeld både ombygging og reparasjonar, fortel han til NETT NO.

Nox-reduserande tiltak, installasjonar av batteri og ballastrensesystem, er mellom oppdraga i denne kategorien.

Fleire verftsresultat:

Tøffare konkurranse på ombygging
Verftsjefen fortel at dei har mykje oppdrag utover hausten og neste år, mest på service og vedlikehald. Sjåstad er frameis på jakt etter fleire fagfolk til verftet som har kring 50 eigne tilsette.

– Vi fekk nokre nye tilsette i fjor, men vi har også hatt noko avgang. Behovet for fagfolk er framleis stort, påpeiker han.

– Vi har auka våre oppdrag innan fiskeri, også har vi hatt arbeid med havforsknings- og offshoreskip, ferger og oppdrettsfartøy, legg han til.

Samtidig blir konkurransen tøffare på ombyggingsoppdrag fordi fleire av både dei tradisjonelle nybyggingsverfta i Norge, og fleire verft internasjonalt, no også kjempar desse jobbane. Det gir igjen prispress frå utanlandske aktørar.

Ingen dramatiske Ukraina-konsekvensar
Båtbygg-leiinga meiner likevel dei er godt rusta med gode fasilitetar på anlegget. I løpet av året fekk dei også på plass ei ny tårnkran på heile 60 meter.

Krigen i Ukraina og konsekvensar for prisauke og levering av råvarer er ein usikkerheit. Fordi verftet ikkje har langtsiktige kontraktar, blir konsekvensane likevel ikkje dramatiske.

– Vi har greid å løyse det på ein god måte så langt, men det krever meir innsats enn tidlegare. Vi har eit godt leverandørnett, men det er klart vi merkar økte prisar på delar, stål og aluminium, fortel Sjåstad.

Sjå video av den nye tårnkrana:

Sikra nytt millionytbytte
Det gode fjorårsresultatet gjer at eigarane igjen kan ta millionutbytte og dei siste fire åra er det teke ut 53 millionar kroner. Framleis er eigenkapitalen på solide 53 millionar og verftet har ikkje langsiktig gjeld.

Leiinga skriv også i årsrapporten at verftet har eit godt fundament for å handtere svingingar i marknaden. Samtidig har dei ei stabil kundeportefølje som bidrag til å ta ned risikoen.

Verftet er eigd av ei gruppe på åtte aksjonærar, der Kjell-Inge Sjåstad er størst med 50 prosent.

Båtbygg


Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
282,5
288
Driftsresultat
16,5
20,6
Resultat etter skatt
16,8
21,4

Publisert: 11.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 11.09.2023 07:45

Mer om