Næringslivet har bidrege sterkt for å på plass til storsatsinga Fosnavåg Rock. I ei pressemelding frå festivalleiinga vert det også opplyst at sponsorinntektene vart noko høgare enn budsjettert.
Men med vel 2500 betalande vart billettinntektene likevel lågare enn budsjettert, slik at festivalen kom ut med eit lite minus. Eit handterbart underskot, meiner leiinga.
– Eg kjenner eg er svært stolt av å vere frå Fosnavåg etter denne helga. Lokalsamfunnet har støtta godt opp, og det var mange herøyværingar å sjå i parken denne helga. Det var også herleg å sjå at så mange barn var der. Vi vil at dette skal vere ein festival for alle, seier festivalsjef Frank-Levi Kvalsund, i pressemeldinga.
Fosnavåg Rock vart arrangert same helg som Rauma Rock, og festivalsjefen seier at dét har vore ei tøff utfordring.
– Vi er fornøgde med arrangementet vårt, men kunne ønskje at endå fleire frå nabokommunane hadde tatt turen hit. Men vi har likevel hatt ein bra straum av tilreisande, og mange utflytta herøyværingar har også tatt turen til heimkommunen sin denne helga, opplyser festivalsjefen.
– Tilbakemeldingane vi har fått frå banda, er heilt fantastiske. Vi har hatt 21 artistansvarlege som har tatt seg av dei 17 banda.
- Fosnavåg Rock har fått låne bilar hos eit bilfirma i Ålesund, der Fosnavåg Rock-logoen har pryda bilane. Dei frivillige har brukt desse bilane til å hente banda på flyplassen, fiksa riderane og innkvartert dei i leilegheit og på hotell, fortel han.
Men med vel 2500 betalande vart billettinntektene likevel lågare enn budsjettert, slik at festivalen kom ut med eit lite minus. Eit handterbart underskot, meiner leiinga.
Store namn
Heile 17 band og artistar stod på scena. Her var store namn som Madcom, Black Debbath og Marion Ravn.– Eg kjenner eg er svært stolt av å vere frå Fosnavåg etter denne helga. Lokalsamfunnet har støtta godt opp, og det var mange herøyværingar å sjå i parken denne helga. Det var også herleg å sjå at så mange barn var der. Vi vil at dette skal vere ein festival for alle, seier festivalsjef Frank-Levi Kvalsund, i pressemeldinga.
Fosnavåg Rock vart arrangert same helg som Rauma Rock, og festivalsjefen seier at dét har vore ei tøff utfordring.
– Vi er fornøgde med arrangementet vårt, men kunne ønskje at endå fleire frå nabokommunane hadde tatt turen hit. Men vi har likevel hatt ein bra straum av tilreisande, og mange utflytta herøyværingar har også tatt turen til heimkommunen sin denne helga, opplyser festivalsjefen.
Mykje ros
Kvalsund opplyser at det var mykje skryt å få frå banda som spelte under Fosnavåg Rock.– Tilbakemeldingane vi har fått frå banda, er heilt fantastiske. Vi har hatt 21 artistansvarlege som har tatt seg av dei 17 banda.
- Fosnavåg Rock har fått låne bilar hos eit bilfirma i Ålesund, der Fosnavåg Rock-logoen har pryda bilane. Dei frivillige har brukt desse bilane til å hente banda på flyplassen, fiksa riderane og innkvartert dei i leilegheit og på hotell, fortel han.
Eg kjenner eg er svært stolt av å vere frå Fosnavåg etter denne helga
Publisert: 03.08.2014 23:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:36