Soksmal pressekonferanse Lars Oscar Ovstegard innfelt olekristian rigland foto Ida Davidsen 1
SØKSMÅL: Lars Oscar Øvstegård har gått til søksmål mot staten for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. I retten vil han mellom anna møte Ole Kristian Rigland (innfelt) frå regjeringsadvokatane. Foto: Ida Davidsen
Nytt

Provosert etter rettsmøte – søksmål kan kome for retten på nyåret

– Bevisst uthalingstaktikk, meiner advokaten som skal føre søksmålet om formuesskatten. Det kjenner ikkje regjeringsadvokatane seg igjen i.

Marius Rosbach
22.08.2025

Tysdag denne veka møtte advokat Jan Magne Langseth og regjeringsadvokatane til det første rettsmøte i samband med søksmålet kring formuesskatten.

Der kom det mellom anna fram at Sunnmøre tingrett førebels har sett av fire dagar i retten frå 13. januar neste år.

Advokat Langseth fortel at hans klientar er provosert over framgangsmåten til regjeringsadvokatane. Han meiner det blir drive «bevisst uthalingstaktikk frå ein mektig stat mot «den vesle mannen» med hjelparar og medsaksøkarar».  

– Dessverre er dette heilt vanleg taktikk frå statens side i saker som bør få prinsipiell avklaring i rettsapparatet, opplyser Langseth.

Meiner saka bør avisast
Saman med fleire bedriftseigarar på Sunnmøre har Lars Oscar Øvstegård gått til søksmål mot staten for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital.

Saksøkarane vil ha erstatning eller tilbakebetalt beløp dei meiner å ha betalt for mykje i skatt. Vidare meiner dei at formuesskatten er i strid med både grunnlova og menneskerettane. 

Finansdepartementet sine advokatar meiner saka bør avvisast. Dei viser til skattelovgivinga og at fristen for å ta ut søksmål er gått ut for lenge sidan. 

Vil truleg kome med avgjerd i løpet av september
I sitt tilsvar til søksmålet har også regjeringsadvokatane hevda at spørsmålet om ein skal ha ein formuesskatt – og i kva form – er eit reint politisk spørsmål. 

Neste steg i saka er at Sunnmøre tingrett skal ta stilling til om dei vil avvise saka. 

No har partane tre veker på seg til å kommentere spørsmålet, før retten skal ta stilling til dette – truleg innan utgangen av september.

Har ulike oppfatningar
Noko av årsaka til at saksøkarane er provosert, er at Langseth meiner regjeringa sine advokatar allereie har gitt uttrykk for at dei vil anke til lagmannsretten - om retten går inn for å ta saka opp til behandling.

– Dette synast fastslått frå staten før tingretten i det heile har teke stilling til dette spørsmålet, og utan at staten har sett tingrettens eventuelle grunngjeving. Det er ganske provoserande at Jens og staten ikkje vil ha saka realitetsbehandla, skriv Langseth til Nett No etter møtet. 

Den framstillinga kjenner ikkje regjeringsadvokatane seg igjen i. 

– Staten har naturlegvis ikkje varsla noko anke over ei avgjerd som ikkje finst. Retten ønska sjølv å sette av tid til hovudforhandling langt nok fram i tid, slik at ein er sikre på at spørsmålet om avvising er endeleg avgjort først. Både advokat Langseth og vi var samde om at det var ei fornuftig løysing, skriv regjeringsadvokat Ole Kristian Rigland til Nett No.

–  Eit stort demokratisk problem
Advokaten til saksøkarane fortel at motparten også har varsla at dei meiner partane og vitnar ikkje bør kunne forklara seg under ei eventuell hovudforhandling - og at saka bør avgjerast etter ei summarisk behandling på éin dag.

Det er heilt uvanleg, ifølgje Langseth – og han meiner det er «eit stort demokratisk problem» at borgarar ofte må bruke meir for å kome i posisjon, enn for å få vurdert sjølve saka.

Rigland hos regjeringsadvokatane meiner på si side at det er naturleg at retten seinare må ta stilling til kor mykje tid som trengst til å føre saka i sin fulle bredde – og kva bevis som er relevante og nødvendige. 

– Staten kjenner ikkje til at det er ueinigheit om faktiske forhold som gjer det nødvendig med vitneførsel, skriv Rigland. 

Publisert: 22.08.2025 15:40

Sist oppdatert: 22.08.2025 20:29

Mer om