Ørsta volda lufthamn
Widerøe er operatør på dei fleste flyrutene som får statsstøtte. Biletet er frå Ørsta/Volda Lufhamn, der Oslo-ruta ei perioden var opererer utan statstøtte. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

252 millionar i flyrute-støtte til Nordvestlandet

Flyruta Ørsta-Oslo får 103 millionar i støtte i år.

16.02.2024

NPK-NTB-Marius Helge Larsen: Regjeringa skal i løpet av året bruke 2 milliardar kroner for å halde oppe flyruter i distrikta. Mesteparten av pengane går til Nord-Noreg.

Frp-politikar Bengt Rune Strifeldt har gjennom eit skriftleg spørsmål i Stortinget bede om ei oversikt over pengebruken på dei ulike «FOT-rutene».

Dette er flyruter som staten sponsar for å sikre tilbodet. Regjeringa har meir enn dobla dei statlege kjøpa av flytransport i år, og har lova halverte maksimale billettprisar på flyrutene når dei nye kontraktane startar 1. april og 1. august i år.

Oversikta som samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har sendt, viser at 1,39 milliardar kroner frå statsbudsjettet i 2024 går til å sikre ruter til stader i Nord-Noreg.

499 millionar kroner går til Vestlandet og 145 millionar kroner går til Midt-Noreg.

Ulike område
Samferdselsministeren påpeikar at tilbodet er inndelt i ulike «ruteområde» og at enkelte av dei inkluderer meir enn éi flyrute.

Oversikta viser at desidert mest pengar går til ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest, Alta og Tromsø. I dette området er det til saman budsjettert med 421 millionar kroner i år.

Nest mest går til ruteområdet Mo i Rana – Bodø og Mo i Rana – Trondheim, som det er sett av til saman 126 millionar kroner til i 2024.

Rutene Mosjøen – Bodø og Mosjøen – Trondheim får til saman 107 millionar kroner,.

Flryte Ørsta–Oslo får 103 millionar kroner på 2024-budsjettet, Ørsta-Bergen 46 millioner, Sandane-Oslo 52 millionar og Sandande-Bergen 51 millionar kroner.

– Bind landet saman
Dei nye kontraktane på rutene vart inngått i fjor haust.

Det er Widerøe som har fått ansvaret for dei fleste rutene. Selskapet DAT har også nokre ruter, og Lufttransport har ansvar for helikopterflygingane mellom Bodø og Værnes.

– FOT-rutene bidreg til å binde landet tettare saman, senke kostnadene ved å bu i eit langstrekt land og bidreg til levedyktige lokalsamfunn, sa samferdselsministeren då fleire av kontraktane for rutene vart inngått i fjor haust.

Med dei nye kontraktane skal også kapasiteten aukast, for å unngå at lågare prisar fører til fullare fly.

Publisert: 16.02.2024 12:17

Sist oppdatert: 16.02.2024 12:17