Bilde 2022 01 24 125116
HYEN: Mange mister arbeidet ved Brødrene Aa i Hyen, her Fjordprins ved verftet. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

30-35 mister jobben ved Hyen-bedrift

Mangel på oppdrag er årsaka til at Brødrene Aa no må seie opp mellom 30 og 35 av dei tilsette.

24.01.2022

Dette betyr at mellom 10 og 15 prosent av arbeidsstokken forsvinn ut.

Dette skriv avisa Firda.

Dagleg leiar Tor Øyvind Aa seier til avisa at mangelen på oppdrag skuldast pandemien, som har ført til mindre behov for hurtigbåtar og turistbåtar, noko Brødrene Aa har hatt mange leveransar av.

Forhandlingar
Brødrene Aa har to verft, eitt i Eikefjord i Kinn kommune og eitt i Hyen i Gloppen kommune. Det er Hyen-verftet som vert mest råka av nedbemanningane.

I Hyen er Brødrene Aa den store hjørnesteinsbedrifta.

Tor Øyvind Aa opplyser til Firda at det er sett i gang invididuelle forhandlingar. Dei som vert oppsagt no, vil ha førsterett dersom bedrifta vil ha behov for å tilsetje fleire igjen.

Publisert: 24.01.2022 12:37

Sist oppdatert: 24.01.2022 12:51

Mer om