Brim båt Brødrene Aa ill Brødrene Aa
KARBONFIBER: Brødrene Aa er spesialistar på å bygge skrog i karbonfiber, og når Brim Explorer får bygd sin tredje båt blir det denne gang med karbonfiberskrog. Illustrasjon Brim Explorer/Brødrene Aa
Nytt

Brim-båt til Brødrene Aa

Brødrene Aa skal bygge sightseeingsbåt for Brim Explorer.

03.12.2021

Dei to første sightseeingsbåtane til Brim Explorer vart bygd av Maritime Partner i Breivika i Ålesund.

Nummer tre skal byggast av Brødrene Aa i Hyen, og blir bygd med karbonfiberskrog - som er Brødrene Aa sin spesialitet.

Båten skal vere klar for turisttrafikk i Oslofjorden til sommaren 2022 og skal kunne gå berre på batteri. Dei to første, som blei bygd for å operere i Nord-Noreg kombinerte batteri-. og dieseldrift.

– Vi vel å byggje båtane våre i Noreg fordi den norske maritimklynga er i verdsklasse på utvikling og bygging av lav- og nullutsleppsfartøy. Brødrene Aa utmerkar seg som eit verft med høg innovasjonsevne og kompetanse til å levere neste generasjon Brim-båtar, seier dagleg leiar i Brim Explorer, Agnes Árnadóttir, i ei pressemelding.

Publisert: 03.12.2021 21:29

Sist oppdatert: 03.12.2021 21:46

Mer om