Fiskedisk asia foto Sjømatrådet
HØGE PRISAR: Laksen blei seld for rekordhøg gjennomsnittspris sist månad. Illustrasjonsfoto: Sjømatrådet
Nytt

30 prosents vekst for sjømateksporten

Nye rekordtal for februar etter historsk høge lakseprisar.

03.03.2022

(NPK-NTB): I februar eksporterte Noreg sjømat for 11,3 milliardar kroner. Det er ein auke på 30 prosent frå same månad i fjor og ny februarrekord.


– Dette er den høgaste verdien av norsk sjømateksport som er registrert i ein februarmånad nokosinne, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd i ei pressemelding.

Også januar i år vart det sett månadsrekord, med eksport verd 10,3 milliardar kroner.

Russisk invasjon forstyrrar eksporten
Polen var i februar den største mottakaren av norsk sjømat, med ein import verd 1,1 milliardar kroner.

I februar eksporterte Noreg sjømat for 176 millionar kroner til Ukraina. Sidan den russiske invasjonen av landet har denne eksporten vorte forhindra.

Sanksjonane mot Russland skaper òg logistikk-utfordringar som påverkar handelen, fortel Larsen.

Dreiing til Asia
– Det er framleis laksen som er eksportmotoren, men februar var òg ein god månad for torsk, aure, snøkrabbe og ei rekkje mindre artar. Asia tek ein stadig større del sjømat frå Noreg. I enkelte land har lakseprisen auka med så mykje som 50 til 100 prosent samanlikna med februar i fjor, seier Larsen.

Dreiinga frå Europa til Asia held fram trenden frå januar.

Auka etterspurnad etter laks
I førre månad var lakseprisane historisk høge, med ein gjennomsnittspris på 82 kroner per kilo. Volumet gjekk ned, men det vart eksportert 89.700 tonn laks til ein verdi av 7,8 milliardar kroner. Det er ein omsetnadsauke på 47 prosent frå februar i fjor.

– Dette er ei fortsetjing på ein positiv trend frå andre halvår i 2021. Veksten må sjåast i samanheng med at samfunnet opna opp att og auka konsum i restaurantmarknaden, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl.

Det vart òg sett månadsrekord for torsk i februar månad, med ein eksport verd 75 millionar kroner.

(©NPK)

Publisert: 03.03.2022 08:55

Sist oppdatert: 03.03.2022 09:00

Mer om