Botholf Stolt Nielsen foto Ogne
OPTIMIST: Lakseeksportør Botholf Stolt-Nielsen er blant initiativtakarane til Nordvestlands-nettverket for aktørar i og rundt oppdrettsnæringa. Ein høg laksepris vil kome både oppdrettarane, og selskap som leverer varer og tenester til næringa til gode. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Trur på laksepris over 70 kroner kiloen

Dersom Botholf Stolt-Nielsen i lakseeksportøren Ocean Supreme får rett, vil oppdrettarane få rekordinntekter i år.

27.02.2022

ANALYSE

Over 70 kroner kiloen i gjennomsnitt. Det er spådommen Botholf Stolt-Nielsen kom med om lakseprisen i år, då aktørar i oppdrettsnæringa på Nordvestlandet var samla i regi av Bransjegruppe Havbruk-nettverket i Ålesund i februar.

Stolt-Nielsen tok ordet etter at aksjeanalytikar Herman Aleksander Dahl frå Nordea hadde hatt ein gjennomgang av kvifor han er optimistisk på vegne av aksjeutviklinga for sjøbaserte oppdrettsselskap.

Etterspørselen er god, tilførselen aukar ikkje i år. Kostnadane stig, men dei stig relativt enda meir for kjøt og kylling. Oppdrettslaks og -aure får ein relativ fordel samanlikna med andre proteinkjelder. Det er bakgrunnen for Dahl sin optimisme og for Stolt-Nielsen si talfesting av kor bra det kan bli, sett frå oppdrettarane si side.

70 kroner kiloen vil tilsvare ein førstehandsverdi på rundt 95 milliardar kroner på den norske oppdrettsproduksjonen i år. Laksen er den viktigaste fisken i norsk sjømateksport, målt i verdi. I fjor var eksportverdien av oppdrettslaks og -aure 81,4 milliardar kroner av ein total sjømateksport på 120 milliardar kroner.

I 2021 var gjennomsnittsprisen i spotmarknaden 58,26 kroner per kilo. Førre toppåret var i 2016 med 63,13 kroner per kilo i statistikken frå fiskebørsen Fish Pool, som er ein del av Oslo Børs.

Så langt i år er gjennomsnittsprisen 76,08 kroner per kilo i spotmarknaden.

Prisen hos Fish Pool for levering av laks fram i tid, viser at det nett no er forventningar om ein laksepris over 70 kroner kiloen i første halvår, og eit fall til 60 kroner kiloen i tredje kvartal og 65 kroner kiloen 4. kvartal.

95 milliardar kroner er mykje pengar. Kvar kjem det til å bli av dei?

For det første vil kostnadane auke.

Analyseselskapet Kontali Analyse i Kristiansund anslår at det i fjor kosta 45 kroner per kilo å drette opp ein laks fram til fisken ligg sløyd i fiskekassa, og reknar med ytterlegare kostnadsvekst i år.

Det har vore ein jamn kostnadsvekst sidan 2012, og produksjonskostnader på 18 kroner kiloen slik som i 2005, er fjern historie.

Men sjølv om kostnadane blir 50 kroner kiloen vil oppdrettarane likevel sitte igjen med rundt 40 milliardar kroner om prisen blir som Stolt-Nielsen spår.

Utbytte til eigarane, skatt og renter vil ta sitt.

Det vil likevel vere ei næring der selskapa har økonomiske musklar til å investere for å vekse, og der lønsemda gjer slike investeringar freistande.

Investeringa i vekst kan bety fleire ting:

Betale for nye oppdrettskonsesjonar som staten legg ut.
Kjøpe andre aktørar.
Bygge smoltanlegg som lar laksen vekse seg større på land før den blir sett ut i sjøen (som reduserer tida fisken står i sjøen og dermed aukar produksjonskapasiteten.)

Oppdrettarane har også eit anna motiv for å investere, for å tilfredstille krav og forventningar frå kundane om ein stadig meir miljøvennleg produksjon.

Det er oppdrettskonsesjonane, retten til å drive oppdrett i sjøen, som er den store verdien i oppdrettsselskapa. Kjøpet av Vartdal Gruppen i fjor er døme på at det handlar om milliardverdiar også for mindre selskap.

Ei kartlegging Kontali Analyse har gjort hos omlag 200 større leverandørar til oppdrettsnæringa, frå fôrleverandørar til skipsverft som byggjer arbeids- og brønnbåtar, viser ein auke i driftsinntektene frå 53 milliardar kroner i 2019 til 58 milliardar kroner i 2020.

Det er tal som både fortel om ein kostnadsauke, men og om auka investeringar.

Desse bedriftene er blant dei som kan nyte godt av høg laksepris og lønsame oppdrettselskap.

Korleis landbasert oppdrett vil kome ut av dette er eit anna spørsmål.

Det kjem av at landbaserte anlegg kostar meir, og treng meir energi i drifta. Prisutviklinga på material og og arbeid til bygging, og elektrisitet til drifta er difor ein ekstra faktor som kan påverke kostnadane for oppdrett på land.

I tillegg har det største landbaserte oppdrettsselskapet, Atlantic Sapphire, med anlegg i Florida og Danmark, ikkje innfridd forventningar til investorane, mellom anna på grunn tekniske vanskar.

I starten av februar 2020 var kursen nesten oppe i 150 kroner aksjen, no er den nede i 27,15 kroner aksjen. Det er eit kursfall på over 80 prosent, og selskapet er verdsett til 2,5 milliardar kroner.

Utviklinga til Atlantic Sapphire har svekka tilliten til landbasert oppdrett generelt. Salmon Evolution som snart skal sette ut den første laksen i tankane i anlegget i Indre Harøy i Romsdal, har likevel klart seg langt bedre på børsen.

Aksjekursen nådde ein topp i januar, med over 11 kroner aksjen. Fredag ved børsslutt var kursen 9,14 kroner per aksje, som verdset Salmon Evolution til 2,8 milliardar.

Publisert: 27.02.2022 06:00

Sist oppdatert: 01.03.2022 16:40