Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
FLORIDA: Oppdrettsanlegget til Atlantic Sapphire i Miami er designa i samarbeid med danske Billund Aquaculture. No er avtalen sagt opp.
Nytt

Oppdrettar droppar utstyrsleverandør

Børsverdien til Atlantic Sapphire er nær halvert på ein månad.

Marius Rosbach
21.04.2021

Aksjekursen til Atlantic Sapphire har gått ned med 42 prosent etter fleire dårlege nyheiter den siste månaden.

Selskapet med hovudkontor i Vestnes, har satsa på landbasert oppdrett av laks i USA.

Onsdag ettermiddag er selskapet prisa til 6,4 milliardar kroner. Det betyr at børsverdiar for fleire milliardar har fordufta dei siste vekene. Kursen onsdag ettermiddag er det lågaste nivået sidan mars i fjor.

Seier opp avtale med dansk selskap
I slutten av mars melde Atlantic Sapphire at ein feil ved anlegget deira i USA, førte til tap av kring 500 tonn laks. No er det klart at selskapet har sagt opp avtalen med den danske utstyrsleverandøren Billund Aquaculture, som fekk skulda for designfeilen.

Gründer og konsernsjef Johan E. Andreassen i Atlantic Sapphire opplyser til Ilaks.no at dei vil halde fram «in-house og med Hazen & Sawyer».

Har levert fleire enn 500 modular
Bjarne Hald Olsen som er COO og Business & Development Manager for den danske produsenten, fortel til nettstaden at det framleis ventar på meir informasjon frå oppdrettsselskapet om hendinga i mars.

Olsen påpeiker samtidig at dei har levert meir enn 500 modular til sokalla RAS-anlegg over heile verda.

Slike anlegg der ein resirkulerer vatnet, er meir komplekst å drifte, enn ved anlegg der ein får tilført nytt vatn. Fordelen er at ein nyttar lite vatn – men det er utfordrande å ha rett bakteriekultur.

Senker kursmålet
Ifølgje TDN Direkte har utviklinga på børsen ført til at den svenske storbanken SEB senker kursmålet til 92 kroner, frå tidlegare 182 kroner. Etter den svake rapporten for 2020, og oppdateringa frå første kvartal, ventar meklarhuset langt tregare vekst framover, ifølgje Finansavisen.

Tidlegare antok SEB at Atlantic Sapphire ville ha eit positivt driftsresultat frå 2023, men dette er no skjøve til 2024.

Publisert: 21.04.2021 16:10

Sist oppdatert: 04.06.2021 06:48

Mer om