Milliardemisjon i Atlantic Sapphire
Brukte kvelden og litt av natta på å få pengane på plass.
Etter at børsen stengte i går varsla Atlantic Sapphire at selskapet ville hente inn rundt ein milliard kroner i ei kapitalutviding.
Klokka 01:11 natt til i dag kom meldinga om at kapitalutvidinga var vellukka.
Atlantic Sapphire fekk inn 121 millionar dollar, tilsvarande 1,016 milliardar kroner .
Bygge anlegg
Atlantic Sapphire er eit børsnotert oppdrettselskap med hovudkontoradresse i Vestnes.
Selskapet driv med landbasert oppdrett i Florida og pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere eit andre byggesteg på oppdrettsanlegget i Florida, investeringar mellom anna i infrastruktur for raskare vekst og til generell drift.
Kaptialutviding til børskurs
Aksjekursen i kapitalutvidinga blei 98,60 kroner per aksje, som tilsvarar aksjekursen då handelen på Oslo Børs stenge i går ettermiddag.
Kursen verdset selskapet til 7,96 milliardar kroner.
Atlantic Sapphire blei børsnotert i mai 2018. Då var kursen 47 kroner per aksje. I starten av februar i år nådde aksjekursen sin førebelse topp, 148,50 kroner. 12. mai i år var kursen 78,50.
Publisert: 04.06.2021 07:06
Sist oppdatert: 04.06.2021 07:07