Norwegian Hydrogen-selskapet Vireon Hydrogen Oy skal bygge ein hydrogenfabrikk i Jyväskylä i Finland for å levere til selskapet sin hydrogenfyllestasjon der.
No får selskapet 3,8 millionar Euro - cirka 44 millionar kroner - i statsstøtte for å bygge fabrikken. Til saman er det snakk om ei investering på omlag 125 millionar kroner.
Fabrikken skal produsere hydrogen ved elektrolyse, der vatn blir splitta i hydrogen og oksygen ved å køyre straum gjennom. Det er same metode som Norwegian Hydrogen brukar på Hellesylt. Der er kapasiteten 3 MW, i Jyväskylä blir den 5 MW. Det gir ein årleg produksjon p 700 tonn hydrogen.
EU-støtte
I vår fekk Vireon tilsagn om 106 millionar kroner i støtte frå EU for å bygge tre fyllestasjonar for hydrogen i Danmark og fire i Finland. Fabrikken i Finland skal forsyne den finske marknaden, der Vireon opnar fyllestasjon for storbilar i Jyväskylä neste år.
Les også
Hydrogenfabrikken skal ligge rett ved sidan av fyllstasjonen i Jyväskylä.
Norwegian Hydrogen har ikkje opplyst tidpunkt for når fabrikken skal vere i gang, men seier at produksjonen skal starte "snart som mogleg".
Publisert: 13.12.2024 13:28
Sist oppdatert: 13.12.2024 14:42