Tresifra millionstøtte frå EU
Norwegian Hydgogen-selskap skal bygge fyllestasjonar i Danmark og Finland.
EU gir Norwegian Hydrogen-selskapet Virion 106 millionar kroner i støtte for å bygge tre fyllestasjoner for hydrogen i Danmark og fire i Finland. Det skriv Norwegian Hydrogen i ei pressemelding.
Merkevare- og berekraftsdirektør Marielle Furnes Mannseth i Norwegian Hydrogen seier selskapet må bidra med minst like sjølv for å finansiere bygginga av dei sju fyllestasjonane.
Stasjonane skal byggast for store lastebilar som skal bruke hydrogen som energiberar i staden for diesel.
Virion er ein av fleire støttemottakarar. Tilsaman tildeler EU støtte til bygging av i alt 48 fyllestasjonar,
Tresifra millionstøtte for andre gang
Dagens tildeling er andre gang Norwegian Hydrogen får tresifra millionstøtte frå EU i år.
I mars tildelte EU støtte til bygging av ein fabrikk i Hirtshals som skal produsere hydrogen ved å spalte vatn i hydrogen og oksygen. Det skal gjerast ved elektrolyse, med vindkraftanlegg i nærleiken som hovudforsyningskjelde av elektrisitet.
Målet er å levere minst 500 tonn hydrogen årleg.
Bygge marknad
Norwegian Hydrogen i Ålesund er etablert for å bygge og drive hydrogenproduksjonsfabrikkar og infrastrukur for at hydrogen skal bli tatt i bruk som energiberar.
Ved å reversere spalting i ei brenselcelle blir det frigjort energi, som for eksempel kan brukast til å drive lastebilar og skip. Så lenge krafta til å lage hydrogenet kjem frå atomkraft, eller fornybare energikjelder, er hydrogen ein energiberar som er CO2-utsleppsfri.
På eigarsida er Flakk-familien, Roger Hofseth og Tafjord Kraft i Ålesund og det japanske industrikonsernet Mitsui.
Publisert: 11.04.2024 15:10
Sist oppdatert: 11.04.2024 15:22