Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
TORSKESATSING: Statt Torsk satsar på å gå fra to til seks konsesjonar og slakte 12.000 tonn oppdrettstorsk årleg innan 2025 fortalde dagleg leiar Gustave Brun-Lie (innfelt) til NETT NO tidlegare i år. Foto: Statt Torsk
Nytt

48.000 torsk strauk med

Statt Torsk miste 24 prosent av fisken i anlegg på Stokkeneset.

23.07.2021

Mandag 19, juli melde oppdrettselskapet Statt Torsk om fiskedød i to av tre mærer i anlegget selskapet har ved Stokkeneset, i Syltefjorden på nordsida av Stadlandet.

I dag melder selskapet at 48.000 oppdrettstorsk strauk med, tilsvarande 24 prosent av fisken i anlegget.

Les børsmelding her

Det økonomiske tapet er ikkje avklart og kjem an på utfallet av forsikringoppgjeret, ifølgje børsmeldinga.

Utanforståande faktor
I børsmeldinga 19. juli skreiv selskapet at det vurderte utanforståande faktorar som årsak til fiskedøden, og at det ville kome tilbake med meir informasjon når årsaka vart avdekka.

Den informasjonen kom ikkje i dag, dagen børsmelding omhandlar omfanget, og også melding om at framdrifta til selskapet ikkje blir skadelidande.

På børs
Statt Torsk driv i dag to torskeoppdrettskonsesjonar i Vanylven. Målet er å kome opp i seks konsesjonar og slakte 12.000 tonn oppdrettstorsk årleg i løpet av 2025, sa dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie til NETT NO tidlegare i år.

Målet er å ha konsesjonane og oppdrettsanlegga i samla i Vanylvsfjord/Rovdefjord-området nord for Stad og slakte og bearbeide torsken hos fiskeforedlingsanlegget til Per Stave as på Stadlandet, i tillegg til slakting hos Henden Fiskeindustri på Averøya.

Selskapet blei børsnotert i april i år. Aksjekursen før børsopning i dag er 2,493 kroner per aksje. Det verdset selskapet til 414 millionar kroner. På topp, 27. april i år, var aksjekursen 3,30 kroner per aksje.

Publisert: 23.07.2021 08:27

Sist oppdatert: 23.07.2021 08:29

Mer om