Statt
TORSKEDØD: Statt Torsk meiner det er ei ekstern årsak til torskedøden ved oppdrettsanlegget ved Stokkeneset. Foto: Statt Torsk
Nytt

Etterforskar brå torskedød

Statt Torsk-aksjen henta seg mykje inn etter stort fall.

19.07.2021

Statt Torsk er av børstaparane måndag etter at selskapet melde om brå torskedød ved lokaliteten Stokkeneset indst i Vanylvsfjorden.

I to av tre merder har det døydd fisk.

Selskapet opplyser i ei børsmelding at hendinga vart raskt meld til styresmaktene, som har starta etterforsking.

Henta seg inn att
I børsmeldinga vert det opplyst at torskedøden skuldast ein ekstern faktor, og selskapet vil kome med ytterlegare opplysningar når ein veit meir om årsak, omfang og konsekvensar.

Statt Torsk var lenge av børstaparane på ein knallraud børs måndag.

På slutten av dagen henta aksjen seg mykje inn, og enda til slutt på 2,70 kroner aksjen, ein nedgang på 3,2 prosent.

Oljeprisfall
Hovudindeksen på Oslo Børs fall 2,39 prosent måndag. Det skjer etter eit kraftig oljeprisfall som følgje av at Opec+ vart samde om å auke oljeproduksjonen.

Hovudindeksen fall 0,7 prosent dei to første minutta etter børsopning og heldt fram med å falle utover dagen. Med eit fall på 2,39 prosent er børsen no på sitt lågaste på over ein månad.

Dermed vart måndagen årets verste børsdag så langt og det største fallet sidan desember i fjor. Ein viktig bidragsytar er oljeprisfallet. Ved 16.30-tida gjekk eit fat nordsjøolje for 69,54 dollar fatet, eit fall på 5 prosent.

Oljeprisfallet bidrog til at det største selskapet til børsen, oljegiganten Equinor, fall 3,4 prosent. Andre tungvektarar som Nel, Yara og Hydro er ned høvesvis 3,4, 1,8, og 3,4 prosent. Elkem er blant få lyspunkt blant dei mest omsette og er opp 4,5 prosent.

Publisert: 19.07.2021 15:35

Sist oppdatert: 19.07.2021 16:50

Mer om