50 aar sidan Mardoela aksjonen
HINDRE MASKINANE: Demonstrantar framom anleggsmaskinene som dei mellombels klarte å stogge. 
Nytt

50 år sidan Mardøla-aksjonen

Mardøla-aksjonen i Eikesdal endra politiske demonstrasjonar i Noreg. 

07.08.2020
(NPK-NTB – Isabel Bech): Denne sommaren er det 50 år sidan aksjonistane tok over fjellet i Møre og Romsdal.
– Dette lærte oss i alle fall at vi ikkje skal vere redde for autoritetar, seier Turid Leirvoll Øverås frå Eresfjord til NTB.
Ho står bak 50-årsmarkeringa i Eikesdalen saman med Marit Wadsten, Bjørn Magne Øverås og Per Even Opsal.
Leirvoll Øverås var 14 år i 1970.
– Eg hugsar dette godt. Det har prega oss heile livet. I dalføret her er det tre store vasskraftutbyggingar som alle fører vatn vekk. Det har fått konsekvensar for både jordbruk og fiske, seier ho.

Sivil ulydnad

Konflikten stod om overføring av vatnet frå Eikesdal til Grytten kraftanlegg i Romsdalen, noko som ville føre til at det fjerde største fossefallet i verda, Mardalsfossen, vart tørrlagd og lagd i røyr.
25. juli 1970 stansa aksjonistane anleggsarbeida. Dei heldt stand i fjella ved Sandgrovbotn til 6. august, då dei vart fjerna av politiet.
Odd Einar Dørum var i 1970 leiar for Unge Venstre og var blant aksjonistane. Fredag er han tilbake i Eikesdalen og skal snakke om sivil ulydnad og demokrati.

Tapte slaget, vann krigen

Mardøla-aksjonen var nemleg den første aksjonen i Noreg der sivil ulydnad vart brukt som kampmiddel i ei naturvernsak. Grytten kraftanlegg stod ferdig i 1975. Dei mellom 120 og 160 demonstrantane tapte slaget, men vann langt på veg krigen.
– Mardøla dannar skule for andre aksjonar, seier Dørum til .
Han omtalar dagane i leiren som ei skilsetjande oppleving.
– Det spesielle var at det var så mange med ulik bakgrunn som kjempa ei felles sak, og der alle forstod spelereglane for å vere med, seier han.

Førelas om ikkjevald

Forutan Dørum er den no avlidne professoren og filosofen Arne Næss eitt av dei mest kjende namna frå aksjonen og var blant dei som vart borne bort av politiet i Sandgrovbotn.
Øverås rosar ein annan filosof, Sigmund Kvaløy Setreng, som ein av dei leiande figurane i aksjonen.
Oppe på fjellet stod Setreng for reine førelesingar i ikkjevaldsfilosofi og økofilosofi.
– Han lærte bygda om sivil ulydnad og passiv motstand. Han stod for ei medvitsgjering som eg vil påstå gjorde at det ikkje kom til meir tumultar, seier Øverås.

Truande motdemonstrantar

Det var nemleg ikkje alle bygdene rundt som var motstandarar av utbygginga. I Rauma ville fleire jage bort demonstrantane.
– Det kom ein motdemonstrasjon frå Rauma-sida som var ganske truande. Då var det mellom anna Kvaløy med retningslinjene sine for korleis dette skulle føregå som bidrog til at demonstrantane trekte seg tilbake i stille, seier ho.
(©NPK)

Publisert: 07.08.2020 18:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00